ragnhild godal tunheim tom godtland norsk vandrefestival

Godtland ny leiar i Norsk Vandrefestival:

– Det handlar om å bygge stoltheit

Når Tom Godtland no tek over som leiar for Norsk Vandrefestival etter Ragnhild Godal Tunheim, er det med store ambisjonar for festivalen si framtid. – Ein må tørre å tenke stort, og eg ser store mulegheiter for festivalen i åra som kjem, seier han.

Som Trollheimsporten først meldte, vart det under Norsk Vandrefestival sitt årsmøte førre torsdag klart at det blir leiarskifte i festivalen.

Tom Godtland tek over stafettpinnen etter Ragnhild Godal Tunheim, som flyttar til Sandnessjøen og startar i ny jobb der.

Tunheim har vore styreleiar for vandrefestivalen siden oppstarten i 2010, og fortel at det er spesielt, men rett, å gje seg no:

– Eg har vorte veldig glad i regionen, og ikkje minst festivalen. Den har jo på mange måtar vore babyen min, og eg har vore veldig oppteken av å byggje opp vandrefestivalen til det punktet at den ikkje er altfor sårbar, eller avhengig av nokre få ildsjeler, seier Tunheim, og fortsett resonnementet:

– No føler eg at vi er komne dit, og då er det berre sunt for festivalen å få inn nye folk. Tida er inne for at eg slepp taket no, og eg er veldig glad for at Tom kjem inn og tek over, seier Tunheim, som rosar valkomiteen for å ha fått på plass ny leiar.

Det nye styret får sjølv mandat til å finne dei to siste styremedlemmane, som i skrivande stund manglar.
 

Hoppar etter Wirkola

Godtland, som er dagleg leiar i Rindal IL og Rindal Næringsforum, har lang erfaring frå å drive med arrangement og organisering - mellom anna som mannen bak Kristiansund Gatefest.

Han ser fram til å jobbe med å vidareutvikle Norsk Vandrefestival:

– Å ta over etter Ragnhild blir som å hoppe etter Wirkola, men eg gler meg stort til dette. Eg har stor tru på det nye styret. Der sitt det mange dyktige folk med mykje erfaring, og det er folk eg kjenner godt frå før, seier Godtland, som først sa ja til å verte styremedlem før han seinare vart spurt om å ta styreleiarvervet.

Tynsetingen forteller at planen er at iTrollheimen skal inn og stå for den daglege drifta av festivalen, og at det vert viktig å ta vare på det som har vore Norsk Vandrefestival sin nisje. Samtidig er det viktig å gjere justeringar for å utvikle festivalen vidare, meiner Godtland.

– Avhengig av eigarskap blant folket

I 2019 skal Norsk Vandrefestival ha basen sin i Svinviks Arboret i Surnadal. I 2020 blir basen i Rindal, medan Tingvoll er vertskommune året etter. Sjølv om dei tre plassane rullerer på å ha hovudbasen, kjem det kvart år til å verte halde arrangement alle plassane. Arrangement blir det og i Halsa, sjølv om dei ikkje er vert for hovudbasen. 

Det gamle styret har allerede lagt planane for årets festival, og den nye styreleiaren meiner det er viktig å komme i gang med planlegginga av framtidige festivalar allereie no. Nøkkelen, trur Godtland, ligg nettopp i dette: å gjennomføre ein god festival, samtidig som ein klarar å rette blikket mot kommande år.

– Eg ser for meg at vi skal etablere arbeidsgrupper i kvar kommune, som allereie no startar jobben med å planlegge arrangement i sine kommuner dei kommande åra. Det er spesielt viktig og fordi det er med på å skape eigarskap ute i kommunene, og akkurat det eigarskapet er vi heilt avhengige av, seier Godtland, og legg til:

– Norsk Vandrefestival må eigast av folket, det kan ikkje bli oppfatta som ein festival berre for ein smal elite, for det er tvert imot meint å vere skikkeleg lågterskel.

– Meir enn berre å gå på tur

Avtroppande styreleiar Tunheim let seg tydeleg begeistre av dei tankane Godtland legg fram om viktigheita av- og framtidsutsiktene til vandrefestivalen:

– Norsk Vandrefestival er så mykje meir enn berre det å gå på tur. Det har ringverknader som er mykje større enn det, seier Godtland, og fortsett:

– Det dette handlar om er rett og slett distrikts- og bygdeutvikling. Om å bygge stoltheit, bulyst og etableringslyst. Eg veit at rindalingane er veldig gira på å vidareutvikle festivalen, og eg ser store mulegheiter for Norsk Vandrefestival i åra framover. Ein må tørre å tenke stort, seier Godtland.

– Hør, hør! Eg er altså så glad for at du seier dette, seier Tunheim.

Styret i Norsk Vandrefestival i 2019:

Leiar: Tom Godtland
Styremedlem: Ole Solvik
Styremedlem: Iren Sæterbø
Styremedlem: Rose Bergslid
Styremedlem: Egil Nedal
Styremedlem: Trine Glåmen
To styremedlemmar manglar per 29.3.19.

tom godtland norsk vandrefestival 690.jpg
Nyvalt styreleiar Tom Godtland i Norsk Vandrefestival gler seg til å ta vidareutvikle festivalen.


Norsk Vandrefestival er medlem av Trollheimsporten.