– Dei kallar det dialog, men det er total overkøyring
Det var stort engasjement då eit einstemmig kommunestyre i Surnadal torsdag vedtok å seie opp samhandlingsavtalen med Helse Møre og Romsdal.
Rådmann Knut Haugen åpna med orientering om saka. Samhandlingsavtalen har ei oppseiingstid på eitt år. Kommunen er lovpålagt å ha ein samhandlingsavtale, og det er difor duka for reforhandlingar.
Haugen gjorde det klart at han i tilrådinga meiner helseforetaket gjennom sine nylege vedtak, mellom anna om nedlegging av fødeavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund, ikkje følger samhandlingsavtalen sin ordlyd.
Der heiter det nemleg at avtalen byggjer på tillit mellom to likeverdige partar, og også ordførar Lilly Gunn Nyheim var klar på at det i prosessen på ingen måte har vore to likeverdige partar.
– Vi har gjennom heile prosessen følt at uansett kva vi har sagt, har det berre prella av. Her var det bestemt på førehand. Det finst ikkje snev av likeverd i det som har skjedd. Dei kallar det dialog, men det er totalt overkøyring, fortalte Nyheim.
Ordføraren innrømte at ho sjeldan har vorte så frustrert i arbeidet med ei sak som i denne.
– Det som har vorte bestemt så langt gjeld kanskje ikkje Surnadal i like stor grad som i andre kommunar på Nordmøre. Men i mai, når dei prehospitale tenestene skal takast opp, kan det hende det rammar oss sterkt, seier Nyheim, og legg til:
– Då skal det nemleg sparast inn i ambulansetenesta, og då håpar og trur vi at Nordmøre står samla på våre vegne. Difor håpar eg på eit breitt fleirtal i kommunestyret i dag.
Brei støtte til ordføraren
Ordføraren fekk, som det einstemmige vedtaket tilseier, brei støtte frå talarstolen.
– Eg vil støtte det rådmannen og ordføraren har sagt. I dag handlar det om å stå samla, om å ikkje svekke helsetilbodet på Nordmøre. Eg tenkjer at det dramatiske i dette er ikkje å seie opp avtalen, det er samarbeidsklimaet vi har opplevd. Det er ikkje bra at det er så vanskeleg å bli behandla som ein likeverdig part av helseforetaket, seier Margrethe Svinvik (Sp), og fortsett:
– Det å seie opp avtalen sender eit signal om at vi ikkje finn oss i dette. Vi skal i forhandlingane vere bevisste på å sikre innbyggarane våre eit best muleg helsetilbod.
Bernt Venås var nestemann på talarlista:
– Vedtaket til helseforetaket er veldig uklokt, og for meg synleggjer det helseforetaket sine svakheiter. Samtidig er det viktig at kommunene no ikkje torpederer planene om nytt felles sjukehus. Eg ber difor om at ordføraren tek med seg inn i nye møter at vi står fast på å byggje eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal.
– Vi blir for lite høyrt
Tor Rune Halset frå Høyre støtta og ordførar og rådmann:
– Eg har vore skeptisk til å seie opp avtalen, men er no trygg på at det er det rette å gjere. Eg tykkjer ordføraren til Averøy sa det godt, då ho sa at det er viktig at alle nordmørskommuner blir med, og at det vil vere eit kjempesignal om at Nordmøre no meiner alvor. Vi blir lite høyrt i fylket på mange område, seier han.
– Vi må vere bevisste i reforhandlingane, brette opp ermane og bli tøffare. Det er viktig at vi sender dette signalet no.
Halset understreka at han og legg vekt på at dette ikkje skal ha konsekvensar for det vedtekne fellessjukehuset på Hjelset.
Gunnhild Bøklep Bøe (Sp) støtta Halset.
– For meg, som for mange andre, er det Kristiansund som er byen min. Likevel håpar eg dette ikkje påverkar nysjukehuset på Hjelset. Det å seie opp avtalen er ei markering, og det er no gått så langt at det er viktig å seie frå.
Nils Petter Tonning (FrP) tok og ordet, og støtta saksframlegget og tilrådinga fullt ut.
– Akutt og føde må vi ha i nærleiken. Vi i Surnadal kjem framleis til å ha det bra, sjølv om vi ikkje er med på avtalen slik den ligg no. Det er ei skeivfordeling i fylket, og helseforetaket køyrer sitt eige løp, utan å høyre på andre meiningar. Difor støttar eg å seie opp avtalen.
– Grunn til å stusse
Bergsvein Brøske (Sp) gav ros til ordføraren sitt arbeid med saka, samtidig som han retta kraftig skyts mot helseforetaket si behandling av saka.
– Her vil eg rose ordføraren, som gjennom saka, saman med resten av ORKidé, har stått på og jobba godt i denne saka.
– Dersom kommunestyra på Nordmøre no hadde delt seg i vedtaka om oppseiing av avtalane, hadde helseforetaket kunne flirt godt i tida framover. Det er difor krystallklart kva som er viktig å gjere her, sa Brøske, for han fortsette:
– Styret i helseforetaket har så svak samfunnspolitisk kompetanse at det er grunn til å stusse. Møtet der vedtaket var gjort var svært dårleg styrt, og det var ein utruleg dårleg måte å handtere så tunge saker på. Vi skal difor gje ordføraren vår handlingsrom til å halde det nødvendige trykket, slik at vedtaket blir reversert.
Sondre Ormset fortalte at han ikkje hadde bestemt seg før møtet, men at han etter å ha høyrt oppmodinga frå ordføraren var klar på kva han ville gå for.
– Vi skal seie opp denne avtalen. Vi skal i forhandlingar med ein gjeng som veit at vi er lovpålagt å ha ein avtale med dei innan eitt år igjen, så det er eit vanskeleg forhandlingsbord å gå til. Men vi skal slå nevane hardt i bordet og seie frå at dette ikkje er greitt, seier Ormset, og legger til:
– Helseforetaket har handtert Nordmøre på ein frykteleg slett måte, og eg meiner difor det er heilt rett å seie frå no. Eg vil samtidig skryte av ordføraren for handteringa av denne saka, og ønske lykke til i den vidare kampen – denne kampen skal vi ta.
– Sum av frustasjon
Annett Ranes (Ap) stilte seg og bak oppseiinga av samhandlingsavtalen, og varsla at resten av Arbeiderpartiet ville gjere det same.
– Det er ein sum av frustrasjon på grunn av skeivfordeling som gjer at vi må seie opp og reforhandle denne avtalen. Eg tykkjer det er trist at vi er komne dit at vi må seie opp avtalar vi tidlegare har jobba fram, men når ein blir overkøyrt er ikkje det eit godt teikn på samarbeid. Då er det på tide å seie opp ein samarbeidsavtale.
Tove Mogstad (Sp) håpar at ein konsekvens av at kommunene seier opp avtalane sine kan bli at sjukehuset i Kristiansund beheld fødeavdelinga si.
– Det viktigaste som kan komme ut av dette er at vi kan stå samla og danne ein felles front for å ta vare på det vi har på Nordmøre, og forhåpentlegvis halde på fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus, seier ho.
Også Eli Vullum Kvande frå MDG støtta tilrådinga.
– Eg kjenner på kroppen den kjensla gravide på Smøla sikkert sitt med no. Vi skal stå samla for gravide på Nordmøre, og eg kjem til å gå inn for rådmannen si tilråding. Det sjølv om eg opprinneleg var litt redd for konsekvensane, og at ein reforhandla avtale kan føre til dårlegare tilbod.
Marit Granhus Langli (H) er glad for at så mange er med på laget og stiller opp for dei som no mistar fødeavdelinga si, og argumenterte for at dette burde vore gjort og før fødeavdelinga på Orkanger vart nedlagt i 2012.
– Eg er glad for å stå opp for denne saka, og for at fleire er med på laget denne gongen. Fødslar kan ikkje planleggast, og det hjelper ikkje kor fint sjukehuset du kjem til er, dersom du ikkje rekk å komme dit i tide. Sannsynlegheita for å rekke fram frå Smøla til Molde er ikkje god nok.
– Dette handlar om liv og helse, og respekt for sårbare folk. Vedtaket heng ikkje på greip, seier Langli, som og ønska ordføraren lykke til vidare i kampen for å halde på helsetilboda på Nordmøre.
Også Mali Hildrun Settem og Ann Grete Gravvold var på talarstolen for å støtte tilrådinga, som altså heile kommunestyret til slutt altså stilte seg bak.