Leserinnlegg _200x200

- but he won’t lie down

Otto Nielsens vise frå 1967 om den seigliva nazismen, “He is dead, but he won’t lie down”, er lett å minnast etter terrorhandlingane 22. juli 2011. Enkelte kommentarar etter handlingane forsterkar behovet for å systematisere refleksjonane. Det skriv Eivind Hasle i eit forsøk på oppsummering etter debatten i Surnadal i det siste:

1. Gal manns verk?
Enkelte vil ha det til at Anders Behring Breivik er ein gal mann, og at terrorhandlingane derfor må sjåast på som noko spesielt som berre er knytta til han. Då kan vi alle frikjenne oss sjølv. Slike analysar er det lite å lære av, med tanke på sosialt liv og samfunnsutvikling.

2. Vi har alle medansvar for debattklima og samfunnsutvikling
Det har vore svært oppmuntrande å sjå korleis regjering, leiande politikarar, religiøse leiarar, ungdomsleiarar, frivillige organisasjonar og media har fungert og kommentert situasjonen etter terrorhandlinga. Sjølv om kommentaren om at ”vi er alle AUF-arar” ikkje verkar like truverdig frå alle, er det likevel å vone at hendinga betyr eit tidsskille, og at ein del av dei stadig meir utrivelege utviklingstrekka i samfunnsdebatten vi har opplevd dei siste åra, vil snu.

Nokre av desse kan nemnast kort: - på nettsider har stadig meir mistenksomme, kunnskapslause, hatefulle og anonyme innlegg kome om personar, religionar og folkegrupper som lever midt i blant oss - frå desse nettstadene har slike namnlause og usiviliserte innlegg også i stadig større grad slept til i lokalaviser , media elles og i den offentlege samtalen - under hand kjem det fram at også sentrale folkevalde på Nordmøre er tilknytta og bygger synspunkta sine på internasjonale nettverk som spreier fordommar og hatpropaganda og forsvar for nokre av dei mest ekstreme høgrepopulistane i Europa og USA (jf t.d. pastor Terry Jones brenning av Koranen i USA, og rettsaka mot Gerd Wilders, Nederland) - delar av media (t.d. Tidens Krav) og store delar av forskingsmiljøet er blitt så ”forblinda” at dei med ein gong terrorhandlingane i Oslo skjedde, var overbevist om at det dreide seg om aksjonar gjennomførde av muslimar - hovudbodskapet frå landsstyremøtet til Frp i februar 2009 var ”snikislamiseringa” av det norske samfunnet, og ein stortingsmann frå det same partiet starta fjesboksida ”Vi som ikke vil kjøre med muslimsk drosjesjåfør”. Og stortingsmann og partileiar for Frp i Oslo; Christian Tybring-Gjedde deltar stadig i samfunnsdebatten med synspunkt om at ”Vi tror ikke på noe flerkultur”( t.d. Aft.p. 20/8-2010).

3. Multikulturelt demokrati
Men Norge har blitt eit multikulturelt samfunn. I januar 2011 budde det 600 900 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i landet vårt, dvs. 12,2 % av befolkninga. Katolske polakkar er no den største innvandrargruppa. Men om lag halvparten av innvandrar-befolkninga kjem frå ikkje-vestlege land, flest frå Pakistan, Irak, Somalia, Vietnam og Tyrkia. Det betyr at det er uråd å tenke seg tilbake til den tid (før 1851 og perioden 1942-45) at t.d. ”jøder og jesuitter have ikke adgang til riket”. Ei samfunnsforståing og ein politisk ideologi som deler menneska inn i meir eller mindre verdifulle individ, er livsfarleg for samfunnet og demokratiet. Det har vi sett mange eksempel på dei siste tiåra, t.d. i Nord-Irland, på Balkan, i Rwanda og på Sri Lanka.

Spesielt ille er det når opplyste personar, som ein skulle vente meir av, slike som t.d. årets Kleivaprisvinnar i Surnadal - som også gjerne marknadsfører sine omfattande studiar, nyttar utdanning og kunnskap til å spreie myter om at ”om 30 år er det islamske sharialover som styrer landet vårt.” Og det er sjølvsagt eit svært dårleg utgangspunkt for dialog og meiningsfull offentleg samtale når folk generelt samtidig blir karakteriserte ved at ”De er direkte dumme og tjukke i hodet sitt” og ”kunnskapsløshet fra dumme folk på kommunehuset”.

Slikt er uttrykk for eit elitistisk syn på ein sjølv, ikkje ulikt dei personleg-domstrekka som no blir knytt til Behrens Breivik. Dei som er kjent med historia om 2. verdskrigen, veit sikkert også at svært mange av dei 15 personane som i januar 1942 deltok på Wannsee-konferansen i Berlin og la grunnlaget for det som vart kalla ”den endelege løysinga på jødespørsmålet”, hadde universitetsutdanning med doktorgrad . Utdanning og kunnskap – utan eit positivt, tolerant og menneskevennleg verdisystem – er lite å skryte av.

Eivind Hasle - Surnadal

Sjå meir frå debatten på leserinnlegg på Trollheimsporten