ap-kandidater og hadia tajik

– Årets val er spesielt viktig

Skulemat til alle i grunnskulen, heilstillingar og å unngå privatisering av velferdstilbod var blant sakene Arbeiderparti-nestleiar Hadia Tajik trakk fram, då ho onsdag besøkte Surnadal.

Ordførar og fylkestingskandidat Lilly Gunn Nyheim understreka allereie før Hadia Tajik talte til medlemsmøtet i Surnadal Arbeiderparti viktigheita av sunn og god mat, både for skuleelevar og eldre.

– Vi ønskjer å fortsette med- og utvikle tilbodet av kortreist, lokal mat, og ønskjer å få til eit tilbod om skulemat til alle elevane i grunnskulen, seier Nyheim, som og trakk fram «Soft meal»-tilbodet ved Surnadal sjukeheim som eit døme på at Surnadal ligg langt framme innan dette feltet.

Og tidlegare kulturminister Tajik let seg tydeleg imponere av «Soft meal»-opplegget i Surnadal, før ho gjekk opp for å oppildne og motivere Surnadal Ap sine listekandidatar.
 

– Kvar einaste stemme vil telle

Ho starta med å takke alle som har stått på i valkampen, og mana til innsats dei siste 12 dagane før valet.

– Kvar einaste stemme vil telle framover, for marginane er små. Alt de gjer frå no og til valet kjem til å telle. Og årets val er spesielt viktig, seier Tajik, og fortel kvifor:

– Etter seks år med ei regjering som styrer samfunnet i ei heilt anna retning enn det vi ønskjer, er det ekstra viktig kven som styrer kommunene. Den jobben Lilly Gunn Nyheim har gjort, og som Annett Ranes vil gjere, er med på å byggje ei viktig demning mot den høgrevridde politikken.

Tajik understreka at veljarane 9. september skal velje kven som skal ha vere arbeidsgjevaren til alle kommunetilsette, samt kven som skal ha ansvar for skular og eldreomsorg. Ap-nestleiaren advarte sterkt mot privatisering av kommunale tilbod.

– Eg trur ikkje folk anar kor viktig det er kven som sit med dette ansvaret. Regjeringa ønskjer å sleppe til kommersielle aktørar innan velferdstilboda i kommunane, og dette vil føre til auka skilnader i samfunnet, og mindre rettar for arbeidstakarane.
 

Fokus på skulemat og skule

Tajik var i løpet av onsdagen innom både Surnadal, Molde, Tingvoll, Kristiansund og den komande kommunen Hustadvika, som er samanslåinga mellom Eide og Fræna.

Ho trakk og fram viktigheita av tilbod om skulemat til alle i grunnskulen – ei sak ho denne dagen fronta saman med dei lokale kandidatane Bitten Ranes, Eva Jorid Svendsen og Rakel Polden.

– Statistisk sett er det 14 prosent som ikkje har med seg matpakke, det er ganske mange. Vi vil at alle skal få maksimal læring ut av skuledagen, vere maksimalt konsentrert og vere ein del av fellesskapet. Vi har eit felles ansvar for elevane, seier Tajik.

– Det viktigaste for den komande perioden når det gjeld skulemat, er at vi kjem så langt at alle i grunnskulen har eit tilbod om det. Så skal vi jobbe for å få på plass strukturar, slik at vi kan sjå på mulegheitene for å få dette tilbodet gratis, seier Rakel Polden.

Ho trekkjer fram skuleprosjektet på Øye som den viktigaste saka for kommunestyret i Surnadal i næraste framtid.

– Det er utan tvil den viktigaste saka, vi må komme i gang med bygginga av ny skule no. Mange kull har gått ut av skulen sidan vi starta planlegginga, og vi må rett og slett få på plass betre skulefasilitetar no.

Polden er og oppteken av at folk må bruke stemmeretten sin 9. september.

– Mange seier dei ikkje er interesserte i politikk, men alle har meiningar om det samfunnet dei lever i. Aller helst ser eg sjølsagt at folk stemmer på oss, men det er viktig å stemme uansett, seier Polden.

lilly gunn nyheim, hadia tajik og tre fra NoFo.jpg
Lilly Gunn Nyheim og Hadia Tajik deler ut roser til tre Nordmøre Folkehøgskule-elevar.
 

kristian ranes, hadia tajik, bitten ranes.jpg
Hadia Tajik i samtale med Kristian og Bitten Ranes.
 

tove lise torve, hadia tajik, lilly gunn nyheim 690.jpg
Fylkestingskandidatane Tove Lise Torve (t.v.) og Lilly Gunn Nyheim (t.h.) saman med Hadia Tajik.


Surnadal Arbeiderparti er medlem av Trollheimsporten.