Tjønna er klar - og skal oppgraderast med tiltak verdt ein halv million
Med dei temperaturane som er meldt for denne helga og dagane framover, er det klart for badesesongen i Igltjønna i Rindal. Det er Rindal Vel som forvaltar dette friluftsområdet for Rindal kommune. Onsdag var første dugnadskvelden denne sesongen, men det blir fleire.
Bildet øverst: Milla Skjølsvold Aasen og Synne Dalsegg påstod at det var godt med ein ekstra svømmetur til ære for Trollheimsporten!
- Rindal kommune har fått 250 000 kroner frå fylket til utviklingplaner som Rindal Vel har lagt fram og som er lagt inn i forvaltningsplanen for Igltjønna, fortel kulturledar Morten Møller.
Friluftsområdet ved Igltjønna er eit statleg sikra friluftsområde, og på dette grunnlaget var det søkt om midlar til tiltaket.
Kommunen fekk nettopp melding om at tiltaket får 250 000 kroner, og med eigeninnsats/dugnad og støtte frå Rindal Sparebank og Rindal kommune (tilsaman ca 100 000 kroner), snakkar vi om tiltak til ein halv million kroner!
Jøran Brauten, Vegard Raudsandhaug, Magne Bjørnås, Elmer Talgø og Morten Møller klare til innsats for Igltjønna
Bryggeteikning
- Det blir ei trinnvis utbygging, fortel Elmer Talgø, ledar for Rindal Vel. - Først blir det ny brygge. Den gamle var skadd av is og snø. Nybrygga får solid fundament med stålbjelkar for nytt dekke, og det blir fast sittebenk i tillegg til sklia og sviktbrettet som var før.
Dette området blir stengt for publikum i byggeperioden fordi det kan vere utrygt å ferdast der.
- Vi ber innstendig om at ferdselsforbodet blir repektert så vi unngår personskader, seier Talgø.
Sjå også eiga melding frå Rindal Vel!
Neste byggetrinn blir ein slags strandterasse frå kanalen og langs vasskanten der det elles er nokså vått. Den er tilrettelagt for bevegelseshemma både når det gjeld tilkomst og for å komme seg ut i vatnet.
Strandterassen får sjølvsagt bord og benker.
Dugnadsfolk på reparasjonsarbeid og raking, - og ei lita jente kviler seg på badehandduken sin!
Stupetårnet er taua inn for reparasjon, men blir nokså snart slepa utover på plassen sin, Det kan ikkje brukast der det står. Tårnet sigla forresten sin eigen sjø over til austsida av Igltjønna siste natt. Ein måtte skaffe motorbåt for å slepe det tilbake.
Som de skjønar, det blir fleire dugnader, så hermed er folk oppmoda til å møte opp!
Igltjønna er ei perle for Rindal sentrum, men også for folk frå nabobygdene, og for turistar som stoppar på her.
Oversikt over kva som skal gjerast på området ved badeplassen.
Den første tida må vi altså ta omsyn til anleggsarbeidet, men vi må også prøve å unngå å uroe fuglar som hekkar rundt Igltjønna.
Dugnadsgjengen sørger for at det blir fint både inne og ute!
Denne "holmen" midt på bildet har flytta seg hit sidan siste sommar!
Rindal Vel er medlem av Trollheimsporten.