Indre Nordmøre Senioruniversitet til Løkken 5

Indre Nordmøre Senioruniversitet melder:

Til Løkken og gruvedrift i 333 år

Løkken-samfunnet hadde gruvedrift i 333 år fram til 1987, og gav arbeid til eit stort omland, også rindalingar og surndalingar. 5.juni var Senioruniversitetet på ekskursjon dit med 27 deltakarar, og fekk eit mangfoldig innblikk i lokalsamfunnet, med Bjørnli Hageby, Brakkan, industrimuseet, Bergmannskroa – og ein tur med Thamshavnbanen til Svorkmo. 

Historia m.a. om Vaskeriet, krigshistoria, Levins kiosk, idrettsmiljøet og Yrkesskolen vart fortald, og «aldri har eg lært så mykje om Løkkenmiljøet som på denne turen», fortalde den dyktige bussjåføren.

Men så var det også blant deltakarane personar som hadde vakse opp på Løkken eller i bondebygda Meldal, som vi køyrde gjennom på heimturen.

I alle fall: det er ikkje nødvendig å reise veldig langt for å finne interessante turmål!


Tekst: Eivind Hasle, Foto: Helene M Nergård

Ingressfoto: Indre Nordmøre Senioruniversitet på Løkken, saman med den nye statuen  av Jan Egil Storholt.

Indre Nordmøre Senioruniversitet til Løkken 5.6. 3.jpg
Ved Torget i Bjørnli Haveby, i dag ein verna og velstelt bydel på Løkken.

Indre Nordmøre Senioruniversitet til Løkken 5.6. 2.jpg
Den opphavelege Sara Levins kiosk, med Pensjonisthuset i bakgrunnen.​

 

Indre Nordmøre Senioruniversitet er medlem av Trollheimsporten.