Svarrabærje Teaterlag inviterer til skrivemøte
Svarrabærje Teaterlag minner med dette om at det blir kreativt idé-møte på Vårsøg Hotell, møterom Kalla 1, onsdag 23.februar klokka 18.00. (NB: Merk at møtet er flytta frå Kulturhuset). Dit inviterer vi alle som er interesserte i å vere med i skrivegrupper med tanke på ny bygdarevy hausten 2012. Kontaktinformasjon for styret finn du ved å klikke vidare på denne saka. Dette blir det første av fleire liknande skrivetreff, så den som også skal på russerevy same kvelden, rekk å vere med på møtet vårt ein times tid først. Svarrabærje Teaterlag ønskjer også lukke til med "Surnadalsrussen står i brann"!
Svarrabærje vil ha med så mange som muleg som medlemmer i teaterlaget. Kontingenten er sett til beskjedne 50 kroner per år, og kan betalast til konto 4040.55.87310.
Det nye styret er samansett slik:
Ingebrigt Røen (leiar) ingebrigt.roen@talgo.no tlf 48996130
Helge Nilsen Wesche (nestleiar) helge.nilwe@gmail.com tlf 91531550
Bjørn Tore Brøske (sekretær) bjorntore@trollheimsporten.no tlf 95823180
Marny Magnussen (kasserar) marnyma@hotmail.com tlf 99162965
Oddrun Husby (styremedlem) oddrunhusby@hotmail.com tlf 98890162
Linda Botten (varamedlem) lindamor96@hotmail.com tlf 99448606
Leif Gjeldnes (varamedlem) legjel@online.no tlf 95771649
Les meir om Svarrabærje Teaterlag her.