Reinsdyrjakt på Sør-Georgia
35 frammøtte i Indre Nordmøre Senioruniversitet fekk ei god oppleving av natur og dyreliv på Sør-Georgia nyleg då Lars Olav Lund fortalde frå 2 turar på reinsdyrjakt på denne fjerne utposten i Sørishavet. I etterkant av lysbildekåseriet vart det gjennomført årsmøte.
Norske kvalfangarar hadde på byrjinga av 1900-talet tatt med seg 17 reinsdyr som «matpakke» til kvalfangststasjonar der. No hadde dette auka til bortimot 7000 reinsdyr, på grunn av mangel på naturlege fiendar, og landskapet heldt på å bli heilt beita ned, til stor skade for andre dyr og fuglar. Så derfor hadde Lund og nokre få andre jegarar, i stor grad frå Statens Naturoppsyn i Noreg, blitt leigd inn av dei engelske styresmaktene for å skyte ned reinsdyrflokken, og i løpet av 2013 og 2014 vart nesten 5800 dyr skotne.
Som bakgrunn for turane fortalde Lund også litt om seg sjølv og om arbeidet sitt i Trollheimen Naturvernområde. Men først og fremst hadde han flotte bilde frå natur og dyreliv på Sør-Georgia, samtidig som vi fekk friska opp igjen litt av den norske kvalfangsthistoria i Sørishavet frå 1904 til 1960-talet. Alle dyr og fuglar på Sør-Georgia hentar maten sin frå havet, og bilde av om lag 400 000 par kongepingvinar, eller 4,5 tonn svære elefantselar, eller omtale av ca 30 millionar sjøfugl og 8 millionar sel, fortel om eit verhardt, nokså utilgjengeleg, men samtidig svært næringsrikt område av kloden. Sør-Georgia er om lag 3 gonger så stor som Surnadal kommune, men heile 75 % er dekt av snø og is. Men denne delen minkar, så også her er klimaendringane tydeleg.
I dag er det få som får sjansen til å besøke Sør-Georgia. Under oppdraget sitt på Sør-Georgia hadde Lund fått kome seg rundt meir enn dei fleste får sjansen til. Og det var både interessant og lærerikt å vere med!
I etterkant av lysbildekåseriet vart det gjennomført årsmøte. Helene M. Nergård held fram som leiar, og elles er Einar Oterholm, Marie Drøivoldsmo, Gunvald Bø og Eivind Hasle no med i styret. På bildet over ser vi styret 2016. Foto: Helene Nergård.
Indre Nordmøre Senioruniversitet