Nytt styre i hornmusikken
Gudrun Sylte overtek som leiar etter Eva Kristin Solli. Dirigent er Lars Peder Sylte.
Sesongen 2009/2010 var aktiv for hornmusikken, med sentral medverkning i storoppsettinga ”cABBAret” som eit av høgdepunkta. Sesongen 2010/2011 blir også innhaldsrik, og Surnadal Hornmusikk skal for første gong delta i NM for janitsjarkorps. Det skjer i Trondheim 8.-9.april 2011.
Surnadal Hornmusikk ønskjer seg fleire medlemmer. Det er behov for alle instrument, men særleg grovmessing. Interesserte kan møte opp på øving i Toneheim torsdagane klokka 1930.
Surnadal Hornmusikk er medlem av Trollheimsporten. Les meir om korpset på infosidene her.
Stadig fleire lag/organisasjonar og bedrifter blir medlemmer av Trollheimsporten, og får på den måten ei svært god mulegheit til å marknadsføre seg overfor "Porten" sine mange daglege brukarar i Rindal og Surnadal. Les her korleis du blir medlem.
På bildet: Sittande: Gudbjørn Moen og Gudrun Sylte. Bak f.v. Bjørn Tore Brøske, Leif Frønes, Pål Nordvik, Gunn Elin Lesund og Astrid Pihl Hansen.