Svanhild Husby_350x252

Godt billettsal til kulturkvelden 30.april

Ny hyllest til Jørgen

Ti år etter Jørgen-kabareten, er det 30. april klart for ny kulturkveld til ære for Jørgen Gravvold. Saman med Svarrabærje Teaterlag og aktørar som Holger Skei, Kolbjørn Botten, Karstein Mauset, Johnse Sættem og Bernt Bøe, lovar initiativtakar Svanhild Husby ein kveld med humor, alvor, song, dramatisering og både kjent stoff og tidlegare upubliserte tekster.

Nesten halvparten av billettane til forestillinga er allereie selt, så den som vil sikre seg plass i Storstuå må vere raskt ute, oppfordrar arrangørane. 

 

Jørgenkvelden blir i Storstuå laurdag 30.april. Både Svanhild Husby og Ingebrigt Røen og Helge Nilsen Wesche i Svarrabærje Teaterlag meiner Jørgen Gravvold fortener ein ny takk for alt han betydde for kulturen i Surnadal.

- Jørgen var eit svært fint menneske, som eg var så heldig å bli godt kjent med i samband med kabareten i 2001. Jørgen skreiv med mykje humor, men hadde også mykje sorg i dikta sine, seier Svanhild Husby.

Ho mista sonen Lukas i krybbedød for nokre år sidan, og fann trøyst og styrke i musikk og Jørgen sin dikt. Delar av inntekta frå kulturkvelden 30. april vil gå til forsking på krybbedød i Norge, i tillegg til at ein viss prosent går til Jørgenfondet.

- Vi får med oss gjester med god relasjon til Jørgen, og som er flotte tolkarar av dikta og musikken hans, fortel Svanhild Husby.

Det blir også med eit eige orkester beståande av Helge Nilsen Wesche, Per Holten, Rune Dalager og Jostein Dønnem.

Billettar kan kjøpast på Surnadal Kulturhus eller på nett: billettluka.no.

Fakta:

Jørgen Gravvold (født 16. september 1930, død 2005) var frå Bøverdalen, og var ein kjent diktar og kulturperson i Surnadal. Han bidrog mellom anna med tekster til fleire revyar.

Nokre av dei mest kjente tekstene hans er «Ita kvitløk», «Eg trur eg vil døy ei vårnatt» og «Bøverdalsrock».

Jørgen Gravvold fekk i 2001 Kleivaprisen. I 2006 gav Surnadal Heimbygdlag ut boka "Ville blomstra" med rundt 100 av de beste visene hans – rundt halvparten med notar, nokre av Gravvold sjølv, andre av m.a. Henning Sommerro.