Indre Nordmøre Senioruniversitet melder:
Møte med ein nasjonalhelt
Då folk for nokre år sidan vart spurt om å rangere dei viktigaste nordmennene på 1900-talet, kom Erik Bye på 3.plass, - etter kong Olav og Einar Gerhardsen. På Kulturhuset i Surnadal onsdag fekk folk møte denne gigantiske nasjonalhelten, gjennom bilde, filmsnuttar og ei rik forteljing, framført av journalisten og biografi-forfattaren Asbjørn Bakke.
Det var Senioruniversitetet, støtta av Folkeakademiet og Pensjonistlaget, som sto bak møtet, der ca 35 deltok. Og det var lett å forstå kvifor Erik Bye vart så stor og så viktig for mange, i ei gjennombrotstid for TV. Han var ein nasjonsbyggar, som gjennom programma sine i NRK – både radio og TV, - gjorde landet vårt større og rikare og meir mangfoldig, samtidig som han også var opptatt av Noregs plass i verda.
Vi fekk møte sjøfolk, fiskarar, personar med Downs syndrom, seterjenter, ektefeller og kvardagsheltar som aldri før hadde vore med i underhaldningsprogram i norske radio- og TV-program. Erik Bye prata med dei alle og fekk løfta dei fram som dei interessante personane dei alle var. Også utvandra nordmenn i USA og nordmenn i utlandet kom med i innhaldsrike TV-program, og ikkje minst hugsar vi den afrikanske landsbyen Ngelekazo i Ghana, der det framleis går personar som har fått namn etter den norske programskaparen.
Men Asbjørn Bakke fekk også fram korleis Erik Bye brukte livet på alle sider, og korleis oppvekst- og studieår i USA og ungdomsår i Oslo under krigen nok hadde sett sine spor og gjort han rastlaus. Han levde intenst, til han døydde i oktober 2004, 78 år gammal. Mange av oss hugsar enda den siste konsertturen han hadde, til Smøla i august 2004. Og i tillegg til den imponerande biografien og bevarte program vil svært mange av visene og songtekstene hans halde minnet om mannen levande.
Tekst og foto: Eivind Hasle.