IMGP1955

Landbrukets mektigste

Mandag hadde Surnadal besøk av han som Møre og Romsdal Bondelag kallar «landbrukets mektigaste mann!» Det var Stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) som besøkte fleire bedrifter i Surnadal.

Mandag kveld talar Reiten på felles årsmøte for Rindal og Surnadal Kristeleg Folkeparti.

Møre og Romsdal Bondelag hadde i samband med dette invitert Reiten til ein heildags besøksrunde til bedrifter i Surnadal. Reiten, som er frå Averøy, er medlem i Stortingets næringskomite og har tatt over rollen etter Pål Farstad som landbrukets mektigaste mann, slik bondelaget ser det. For å sikre fleirtall for landbrukspolitikken er regjeringa nemleg avhengig av støtte frå KrF.

IMGP1940.JPG

Dagen starta med besøk hos INNVENO (tidligere SIV industriinkubator) i industriområdet i Røtet.
Prosjektledar Iren Sæterbø (over) tok seg av orienteringa om kva Innveno arbeider med og det samarbeidet dei er sentrale i, særleg bedriftsnettverka IN2innovation, InnovasjonsTre og Den Gode Maten. Arbeidet omfattar bedrifter i alle kommunane på Indre Nordmøre.

Gjennom nærare samarbeid mellom bedriftene i området, har dei lært kvarandre betre å kjenne og kva dei kan tilby kvarandre. Internhandelen mellom bedriftene har auka betydeleg. Sysselsettinga i industrien har gått opp på Indre Nordmøre, i motsetning til i Molde- og Kristiansundsregionen.

Arbeidsplassar i industri og landbruk genererer mange arbeidsplassar i andre næringar, noko som aukar verdien av desse næringane i distriktet.

InnovasjonsTre var eit av dei bedriftsnettverka som vi fekk høre mykje om, særleg om planane for eit nytt sagbruk. I 2016 vart det sendt 100 000 m3 tømmer til Belgia og Tyskland frå Surnadal hamn. Det planlagte sagbruket skal bli verdens mest effektive og automatiserte sagbruk. Og det skal bli meir enn eit sagbruk; det skal bli eit trebehandlingsbruk med null avfall! Alt trevirke skal utnyttast.

Dette kan du lese meir om i desse artiklane på Trollheimsporten:

Vil bygge behandlingsanlegg for tømmer

Vil satse på skogbruk og treforedling

- Skogeigarane er opp i skyene over dette prosjektet, sa ledar i Surnadal Skogeigarlag, Alf Bjarte With Aasgård.

IMGP1942.JPG

Vegg i vegg med Innveno har Kvatro lokaler. Det er ei bedrift som driv med industriell husproduksjon, av veggelement og takstolar.

Berre til eitt bygg vart det levert 70 lastebillass. Salget av ferdige tak- og veggelement har auka sterkt.

IMGP1946.JPG

Bildet viser nokre av veggelementa som skal til eit samvirkelag på Sunnmøre. Det skal sendast 35 lastebillass til det bygget.

Karin Halle frå Surnadal kommune orienterte om det nye kaianlegget og utviklingsmuligheter tilknytta havna. Foreløpig er det fast anløp annakvar veke av skip som fraktar råstoff til Pipelife. Det vil også bli aktuelt med utskiping av store rør over hamna.

IMGP1950.JPG
Steinar Reiten, ordførar Lilly Gunn Nyheim, og Grim Røen.

Deretter gjekk turen til Kvanne Industrier, eller KIAS som dei går over til å bruke, sidan dei ikkje leverer berre til industribygg. Dørprodusenten har dei siste åra hatt sterk vekst i produksjonen av dører til mellom anna næringsmiddeelindustrien oglandbruket basert på nye teknikkar og slitesterke, vedlikehalsfrie materialer.
Fjøssystemer, som er ein av dei største fjøsbyggefirma i Norge brukar no dører frå KIAS.

Til og med på Slottet og i det nye regjeringskvartalet i Oslo brukar dei dører frå KIAS!

IMGP1971.JPG

For tre år sidan viste dei seg fram for første gong på «Bygg reis deg»-messa.
- No veit dei om oss, seier Grim Røen.
Dermed opplever dei at dei har problem med å levere nok. Fremdeles er fleksibilitet ein stor styrke, i tillegg til kvaliteten. Dørene blir levert med 30 års garanti.

I fjor leverte dei dører til 100 fjøs.Elles er Bergen kommune av dei største kundane.

IMGP1960.JPG
Reiten får demonstrert kor enkel monteringa av dørene er, her på ein modell.

Det siste er at bedrifta KIAS no er sertifisert som Miljøfyrtårn, men det må vi komme tilbake til seinare

IMGP1975.JPG
Per Åke Jakobsson, Oddvar Mikkelsen og Steinar Reiten

På fjøsloftet til Nordvik Samdrift var det lunsj og drøfting av et bredt spekter av landbrukspolitiske tema.

2018-02-12 12.37.41.jpg

Bondelagets fylkesleder Oddvar Mikkelsen og organisasjonssjef Arnar Lyche tok opp jordbruksforhandlingene, klimautfordringer, jordbruksmeldinga kontra regjeringserklæringa, eiendomsregelverk og oppfølging av bo og driveplikt, framtida for mjølkeproduksjonen i fylket etter utfasing av Jarlsbergeksport, pelsdyr, rekruttering og investeringsbehov ved Gjermundnes videregående skole.

Bøndene viste stor tillit til Reiten, og han fekk mange solide innspel med seg til Stortinget. Nokre kunne han ikkje rekne med å få fleirtalet med seg på, andre kunne han og KrF vere med på å avgjere. Reiten veit at bøndene i Møre og Romsdal følgjer med han.

20180212_153516.jpg
(Foto: Arnar Lyche)

Siste stopp for stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) var besøk i eit nytt sauefjøs hos Torill Gjeldnes og Per Åke Jakobsson (i midten over) med fokus på utfordringer i sauenæringa og sauens viktige rolle som ressursutnytter og landskapspleier.