IMG_9882_690x460

"Laksen kommer nå - - - "

Seniorbesøk på fiskeoppdrettsanlegg i Halsa

At fiskeoppdrett er blitt ei viktig næring for Halsa og Indre Nordmøre, vart tydeleg illustrert då Indre Nordmøre Senioruniversitet besøkte anlegga til Lerøy Aakvik rogn og settefisk i Hønsvika og til Salmar Farming på Korsneset 31.mai. Driftsleiar Kurt Rønning gav dei 26 deltakarane ein svært informativ og interessant presentasjon av det 4-årige livet til oppdrettslaksen frå rogn, til smolt, til vanleg oppdrettslaks på 5-6 kilo, og til stor stamlaks på  rundt 12 kg. Hos Lerøy Aakvik var det prosessen frå rogn til smolt som var hovudpoenget, og her fekk vi sjå «handarbeidet» som har ført til at denne bedrifta sidan starten i 1985 for lengst har passert 1 milliard rognkorn, som då igjen har blitt til laks. Imponerande å sjå var det korleis oppdrettsanlegget i dag driv «slektsforsking» og kan følgje fisken på individnivå for å avle fram den som veks raskast, men som samtidig også er mest motstandsdykig mot lus og sjukdom. Gjennom styring av lysreguleringa og plasseringa av laksen i ferskvatn og saltvatn, blir også modningstid for fisken påverka, slik at ein kan ha oppdrettslaks tilgjengeleg for slakt og sal heile året.

På anlegget til Salmar Farming  - eit av dei største fiskeoppdrettsanlegga i verda, - er det no investert rundt 450 millionar i 12 store merdar, og ein velutstyrt flåte for betjening av merdane med for og service. Kjell Ove Betten og Sivert Glåmen kunne mellom anna vise oss korleis fiskeoppdrettsanlegg i dag satsar på bruk av rensefisk som rognkjeks, berggylt og leppefisk i staden for den store bruken av medisin som var tidlegare mot lus og sjukdomar. Og på den moderne flåten kunne mannskapet på skjermar heile tida følgje med på korleis fisken i merdane hadde det, t.d. ved foringa 2 gonger i døgnet.

På dei to anlegga fekk vi samtidig illustrert korleis moderne fiskeoppdrett både er blitt kapitalkrevjande industri – som samtidig også er avhengig av kompetanse og tilgjengeleg infrastruktur, som vegar, internett, utdannings- og opplæringstilbod – og ikkje minst interesserte ungdommar. Fiskeoppdrett er ei næring med gode utsikter, men som samtidig er avhengig av at også distriktskommunane blir satsa på!

EHA
IMG_2549_690x460.jpg
Laks

IMG_2553_690x460.jpg
Godt frammøte og interessert forsamling !
IMG_2516_690x460.jpg
Einar Oterholm, Jan Gausen, Svein Tjelle og Kurt Rønning

IMG_2558_690x460.jpg
Rensefisk (berggylt)
IMG_9882_690x460.jpg
K.O.Betten, Oddbjørn Ansnes, Amund Klevset og Eivind Hasle