Senioruniversitetet for Indre Nordmøre melder:

Kunnskapsformidling om Kina i Afrika

Einar Lunde, tidlegare NRK-journalist og Afrika-korrespondent og no aktiv 74-årig reiseleiar og foredagshaldar om Afrika, heldt ei inspirerande orientering på møte 24.april i Surnadal i Senioruniversitetet for Indre Nordmøre.

Orienteringa var ein del av ein foredragsturne på 25-30 arrangement som Lunde i vår har på Nord-Vestlandet, der også Rotary, Folkeakademiet og folkehøgskolen er arrangørar.

Einar Lunde foto Ole T.jpg
Einar Lunde saman med leiarar for 2 arrangør-organisasjonar: Helene Nergård, Senioruniversitetet og Else Andresen, Folkeuniversitetet. (Foto: Ole Trygve Fosseide)
 

På Senioruniversitetsmøtet var det spesielt den aukande kinesiske aktiviteten i Afrika det dreidde seg om. Det er no rundt 2 millionar kinesarar i Afrika, og Kina har sidan 1970-talet investert tungt i utbygging av vegar, jarnbane, telekommunikasjonar, hamner og industrianlegg. Resultatet er ei rivande økonomisk utvikling, særleg i det sørlege og austlege Afrika, med den raskaste økonomiske veksten i verda, på 8-13 % pr år. Og 60 % av all ubrukt og dyrkbar matjord i verda ligg i Afrika. Kinesarane sikrar seg innverknad gjennom handelsavtalar og avtalar om vedlikehald, utdanningssystem og leiaropplæring, og gjennom ein politikk med minimal innverknad på den indre politikken i Afrika, uavhengig til dømes av korrupsjon og sosiale verknader.

Lunde krydra framstillinga si med personlege erfaringar og opplevingar frå dei om lag 100 reisene han har hatt i Afrika sidan 1970-talet. Den engasjerte munnlege framstillinga gjorde at dei rundt 40 tilhøyrarane fekk eit stimulerande og interessevekkande bilde av denne spennande verdsdelen. I tillegg var det sjølvsagt hyggeleg å få eit personleg møte med ein reportar som dei fleste av oss meiner å kjenne frå TV-ruta gjennom 40 år.

EHA