Spilleglede, overraskingar og nye talent
Fantastiske "18 Centi"
Desse tre aktørane viser stødighet og bind litt revyen saman med oppmåling av hus og heim for eigedomsskatt. - Det er betryggande å få hotellet oppmålt, sa hotelldirektør Bergsvein Brøske, da han til slutt takka for den fantastiske revyen etter premieren i går kveld. Han ville gjerne ha rapporten frå dei tre oppmålarane.
Triveleg premiere - folk kosa seg
Og "18 Centi" hadde det meste - akkurat passe 18 centimeter, som naturleg vart eit gjennomgangstema. Det vart ein utruleg triveleg revypremiere, naturleg litt nervøsitet, nokre feilskjer, men tvers igjennom ærleg og svært humoristisk, med små spark hit og dit innan Surnadal og i til Rindal. To nye songar med melodi - gode tekster og ikkje for lange innslag - kjempebra. Mykje spel på dyr - gjerne små - med menneskelege trekk ofte i uvante omgivelsar. I tillegg eit orkester med Per Holten, Torbjørn Kvande og Helge Nilsen Wesche, som følger artistane og alltid er i bakgrunnen, bortsett fra golfrapen "Det magiske hålet", sammen med Jan Peter Husby. Speling på golfbager og green har eg aldri sett før.
Fenomenale Gøran
Mykje kunne ha vore trekt fram - gjerne alt. Det nye revytalentet - eit naturtalent, spør du meg - er Gøran Bolme - aleine med orkester og saksofon i "Fredagskvelden" (sjå TP TV nedafor og til venstre i Moltemani" saman med Maren Larsen), meget god som nordtrønder i "Storføggeln", må oppleves som molteplukkar med sinkbøtte og ATV saman med Maren Larsen i "Moltemani" og knakande god som flatlus saman med Leif Gjeldnes i "Pårr & Perk" (ein suksess frå russerevyen).
Nils og Kristian Georg
Overraskinga er Nils Egeness. For å vera heilt ærleg: Det hadde eg ikkje venta frå den kanten. Først stormar han inn på scena som døgnfluge i begravelsesbyråbransjen og døyr med krampetrekningar, så avsluttar han første akt med folkemusikkhalvtimen (sjå TP TV nedafor - ulven i Halsa). Den er berre stor. Det er Nils også som tyskar i "5 på gata", der det meste om ein berømt tunnel kjem fram.
Ei anna overrasking er Kristian Georg Svendsli med visa om seg sjøl "Stemmen fra havet" - sjølironi til gangs og Kristian Georg tek seg sjøl lite høgtideleg. Svært positivt for Svarrabærje teaterlag.
Takk Svanhild!
Til slutt, men ikkje sist, vil eg trekkje fram Svanhild Husby - meget god som kar i "Fjøset på Setergara" og som blåmeis frå Rindal (til høgre). Men det er "Formue på lofta" som tek prisen - eigen melodi til tekst av Jørgen Gravvold, vart og vakkert (sjå TP TV nedafor). Takk Svanhild.
Eigen tekst og melodi er det også på "Soria Moria 3", der Lars Rune Sæther syng opera til ny melodi av Per Holten.
Fleire må nemnast: Leif Gjeldnes - god i mange sketsjar, Lars Sæther - god stemme og gode tekster til fine viser, Ingebrigt Røen - solid instruktør og skuespelar, som har samla gjengen i ein flott revy. Og alle dei andre med veteranane: "Johnse", Maren og Kåre, dansegruppa og orkesteret - hurra for alle i Svarrabærje teaterlag.
No er saka fullt oppdateret på Trollheimsporten med alle videosnuttar på TP TV og alle bilda - god fornøyelse!
Svarrabærje teaterlag er medlemmer av Trollheimsporten med informasjonsside - Klikk på linken. Vil du sjå igjen bildene, TP TV og bilda kan du finne alt på Nyheter fra Svarrabærje teaterlag frå deira informasjonsside.
Det er få billettar igjen til forestillingane både til fredag og laurdag. Vil du få med det revyen "18 centi" med Svarrabærje teaterlag må du vera snar!
Klikk på "firkanten" på videosnuttane og sjå dei store - klikk også på bilda nedafor og sjå det større og i serie: