Årsmøte med sang
Indre Nordmøre Senioruniversitet hadde årsmøte 23.januar, med attval av styret over heile linja. Men før det raskt gjennomførte årsmøtet var det songtime med gamle slagarar, inspirert leia av Tor Strand og Norvald Bondhus.
Her fekk vi friska opp igjen flotte melodiar og songtekster heilt tilbake til mellomkrigstida og tidleg etterkrigstid. At songen gjer folk yngre og friskare, kunne dei vel 20 deltakarane underskrive – med ønske om at slike songmøte bør det vere med jamne mellomrom. Men det nærmaste er operatur til Kristiansund 14.februar for å sjå og høyre «Rigoletto».
Styret
Helene Nergård, Rindal, held fram som leiar, Einar Oterholm, Halsa er nestleiar, og frå Surnadal er Marie Drøivoldsmo (kasserar), Eivind Hasle (sekretær) og Gunnvald Bøe (styremedlem) med i styret, med Nordvald Bondhus (Surnadal) og Kjellaug Foseide (Rindal) som varamedlemmar. Bøe og Drøivoldsmo fungerer også som turkomite.
EHA