65 år i korps!
Fredrik "Bæja" Sjøflot (82) har vore korpsmusikar i 65 år, og er framleis aktiv klarinettist i Surnadal Hornmusikk. Torsdag kveld vart det gjort ekstra stas på veteranen da Surnadal Skulekorps arrangerte vårkonsert med hornmusikken og Mo Skulekorps i Surnadal Kulturhus.
Fredrik "Bæja" er ein institusjon innan korpsmiljøet i Surnadal, og har sett sitt preg på musikkklivet i bygda i heile 65 år. Han var sjølvsagt på plass saman med Surnadal Hornmusikk under vårkonserten i Storstuå torsdag kveld, der hornmusikken og skulekorpsa frå Mo og Surnadal presenterte varierte repertoar.
Alle korpsa slit med låge medlemstal, men spela flott og publikumsvenleg. Og avslutninga, med fellesframføring av "Glade musikanter", var det verkeleg trøkk i!
Klikk på bilda for større versjonar.