åpen gård fugelsøya ingress

– Eit tilbod alle skal kunne vere med på

Alt bortsett frå maten er gratis, når Surnadal Bondelag og Rindal Bondelag og gode samarbeidspartnarar arrangerer Åpen Gård på Fugelsøya søndag 25. august.

Ingressfoto: Ildri Fugelsøy (første rekkje f.v.), Emilie Lervik Vinje, Magnhild Fugelsøy, Kristi Fugelsøy, Maja Lervik Fiske, Jo Fugelsøy (andre rekkje f.v.), Ragna Mauset, Yngve Røøyen og Berit Synøv Fugelsøy gler seg til Åpen Gård på Fugelsøya søndag 25. august.
 

Og akkurat det er viktig for arrangørane, fortel Ragna Mauset og Yngve Røøyen, leiarar i henhaldsvis Surnadal og Rindal Bondelag.

– Alle aktivitetane på Åpen Gård skal vere gratis, slik at alle har mulegheit til å ta turen, seier dei to.

Dei to lokallaga av Norges Bondelag har med seg gode hjelparar, mellom anna i form av Surnadal Bygdeungdomslag (BU) og Surnadal 4H.

BU og 4H skal hjelpe til med aktivitetsbiten av arrangementet, medan både Øvre Surnadal og Surnadal Bygdekvinnelag skal bistå på matsida. Det blir nemleg både grilling og sal av kaffi og kaker under Åpen Gård.
 

Ventar fleire hundre besøkande

Dei aller viktigaste hjelparane denne gongen er likevel Jo og Berit Synøv Fugelsøy, som 25. august åpnar garden sin for alle som har lyst til å ta turen.

– Vi er veldig glade for at dei har sagt ja til å vere vertskap, seier Ragna Mauset.

Ho fortel at det vanlegvis er frå 150 oppmøtte og oppover når det vert arrangert Åpen Gård.

– Ja, det var nokre hundre frammøtte då vi arrangerte det i Rindal sist, seier Yngve Røøyen.

Det ser ikkje gardseigarane Fugelsøy mørkt på.

– Nei, det går greitt, ja. Det er såpass mange involverte her, at det skal gå bra, seier Jo Fugelsøy, medan Ragna Mauset skyt inn:

– Men dei skal nok få merke at det er litt meir som skjer rundt dei enn til vanleg, og at det blir stilt til kvelds den dagen.

Dei skulle i utgangspunktet vere vertar for Åpen Gård allereie i fjor, men grunna vêrforhold og andre omstendigheiter vart arrangementet avlyst den gongen.
 

– Ei mulegheit til å vise fram næringa vår

Sjølve arrangementet varer frå klokka 11.00 til 15.00, og dei besøkande får etter alt å dømme mulegheit til både å teikne, gå på stylter, kaste hestesko og prøve seg på sverdsnuing – som Mauset forsikrar ikkje er ein så dramatisk aktivitet som det kanskje kan høyrest ut som.

– Det er ikkje noko Viking-opplegg, men ein aktivitet som høyrer heime i motorsagtevlingar, ler ho.

I tillegg til desse aktivitetane vil folk sjølvsagt få mulegheit til å sjå og klappe dyr. På garden er det allereie både mjølkekyr, høner og kattar.

– I tillegg kjem det til å bli både sauer, geiter og forhåpentlegvis og hestar, seier Yngve Røøyen.

Det vert og omvisning i fjøset.

– Åpen Gård er ei gylden mogelegheit til å vise fram næringa vår. Vi har ingenting å skjemmast over, alt tåler dagens lys, seier Mauset.

Blant dei som vanlegvis besøker Åpen Gård er det overvekt av barnefamiliar, fortel Røøyen og Mauset.

– Vi har for så vidt aktivitetar vaksne kan delta i og, men det er liten tvil om at det er ungane som er hovudgjestane på Åpen Gård. Det er dei det er tilpassa for, seier Mauset.

Åpen Gård er eit landsdekkande arrangement, og datoen 25. august er sett av Norges Bondelag sentralt.

– Lokallaga står fritt til å tilpasse datoen dersom det passar betre, men vi valte å gå for den datoen som var bestemt sentralt. I tillegg til oss, er det og arrangement i Molde og Vestnes i Møre og Romsdal den dagen, seier Mauset.

kyr og arrangører.jpg
Dersom surnadalingane og rindalingane er like interesserte i Åpen Gård som det mjølkekyrne på Fugelsøya er, ligg alt til rette for at arrangementet vert ein kjempesuksess!

arrangører og banner.jpg
Åpen Gård på Fugelsøya er ein del av Norges Bondelag sitt nasjonale Åpen Gård-konsept.


Rindal Bondelag og Surnadal Bondelag er medlem av Trollheimsporten.