Picasa

- Det var da voldsomt!

- Det var da voldsomt! Sa Edvard Hoem da han såg utover det fullsette Kammerset, kinosalen i Surnadal Kulturhus onsdag. Etter foredraget var det tilhørarane som sa det!

1-IMGP6562.jpg

Det var Indre Nordmøre Senioruniversitet som hadde fått tak i den kjente forfattaren for å fortelle om bøkene sine, og særleg om den siste familiekrøniken Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien og Land ingen har sett. Den siste boka går i trykken dei nærmaste dagane, 25.november kl.13.00 blir den lagt fram.

Hoem fortalte at han alt er godt igang med den fjerde boka i serien. Den kjem neste år.
- Eg må jo fortelje heile historia. Kan ikkje stoppe midt uti!

Innleiingsvis beklaga han seg over at hotellet i Surnadal ikkje hadde skrivebord lenger. Han skulle arbeide med korrekturlesing på den siste boka og hadde ikkje tenkt seg å sitte på sengekanten og taste på mobilen.

Hoem har eit langt forfattarliv bak seg. Han starta som lyrikar, men det var nok boka Kjærleikens ferjereiser frå 1974 som var gjennombrotet hans. Elles har han skrive både romanar, teaterstykke, lyrikk og salmar – som vi til og med finn i den nye salmeboka, heile 12 salmar!

Da Hoem ville skrive ei bok om Bjørnson, fekk han betre respons hos forlaga enn da han første gong prøve å skrive ei familiehistorisk bok. Forlaget gav han 1 million kroner i forskott, og det var stas, men det viste seg at han brukte 9 år på det 4 bind store verket om Bjørnstjerne Bjørnson. Dermed vart det låg årsløn, meinte han. 

Så skreiv han Mors og fars historie i 2005. Den selde han over 100 000 av. Det finansierte Bjørnsonprosjektet som han fekk mykje ros for.

Edvard Hoem måtte ut i verda. I Amerika fekk han høre om ein gravstein som det stod Edvard Hoem på. Dit måtte han. Han fekk faren til å komme etter, og fortalte humoristisk om korleis faren greidde seg med dei to engelske uttrykka han kunne: peasoup og I'm sorry for him – fram til dei møttes på flyplassen.

Der borte fann Hoem mange Hoem-folk, både på gravsteinar og i live. Det vart eit brot på sambandet mellom dei første som utvandra i familien og dei som var att heime. Da dei her fekk høre om dei dårlege tidene i Amerika, var dei redde for at dei skulle komme tilbake, og det var ikkje så feitt her heller. Slik vart det slutt på brevskrivinga.

No var det på tide å knyte band att. Slåttekar i himmelen vart første boka om jordnære romsdalingar som stod i valget mellom å prøv lykken på andre sida av eit stort hav, eller å halde fram med det strevsame livet her.

Når Hoem skulle skrive om denne tida, så ville han skrive rett. Dermed måtte han sjekke ut mange fakta, for han ville skrive sant. Da skilde han mellom to sanningar, det eksakte og målbare, og det som kunne vere sant – som ikkje er så eksakt at det er målbart. Prisar på selety er eksakt, kvifor to menneske fann kvarandre, eller ikkje gjekk saman, blir ei dikta sanning.

Har var tre turar til Amerika for å ha mest mogleg korrekt historikk å bygge på i desse bøkene. Han snakka med folk, besøkte museum og bibliotek, las gamle aviser, avfotograferte og kvalitetssikra bakgrunnsstoff til skildringa av livet på prærien.

- Det er artig med research, men det er mykje strev, sa Hoem, som veit at faktafeil får har tilbakemelding på frå lesarane!

Folka han skreiv om hadde eit alvorleg valg framom seg. Skulle dei reise, eller skulle dei vere der dei var i lag med familien. Slike valg er det mange som har i dag også, internasjonalt og lokalt, land – by.

Bøkene har ført til at folk frå Norge no besøker præriestatane og veit meir om fortida der enn dei som bur der.

1-IMGP6567.jpg

Vi merka oss at foredraget fleire gonger vart avbrote av spontan applaus frå det engasjerte publikummet som bestod av mange godt vaksne, men også elevar frå vidaregåande skule og frå folkehøgskulen. Dei uttrykte at denne timen vil det bli vanskeleg for norsklærarane å følgje opp. Fleire vil nok finne seg ei bok av Hoem snart, for dei var svært fornøgde med foredraget, i lag med alle oss andre.

Vil du kjøpe signert utgave av den tredje boka i denne slektskrøniken, Land ingen har sett, og som som kjem 25. november, sender du ein epost til eivhasl@online.no. Gje opp namn og adresse, tlf.nr.og antal bøker. Du får faktura i posten i lag med boka.

1-IMGP6570.jpg

Senioruniversitetet ved Helene Marie Nergård ville sende med Edvard Hoem ein gave som varma  -

1-IMGP6571.jpg
-  og det vart strikkavottar med Rindalsmønster!

IMG_2193_690x460.jpg

Mange stilte seg i kø for å kjøpe signerte bøker (Foto: H.M.Nergård)

1-IMGP6572.jpg

Ein av dei yngre som var på foredraget var Kristian Sæter, frå Surnadal. Han var av dei mange som sikra seg signert bok. Han er heime på haustferie frå UWC Atlantic College i Wales der han er utvekslingsstudent. Der har han norsk litteratur som fag. Han skriv no ein oppgave om korleis religion verkar på litteraturen til Edvard Hoem, særleg med tanke på bøkene i denne slektskrøniken.
United World College Atlantic College ligg i St.Donats Castle i Wales og er eit av mange slike colleges rundt om i verda. I Norge er det eitt i Fjaler i Sunnfjord.

Tekst/foto: OleT