Velkomen til kulturbygda Surnadal!

I Surnadal finn du eit rikt og variert kulturliv med mange mulegheiter for både store og små!

Med over 160 lag og organisasjonar spirer kulturlivet i Surnadal! Her kan du vera med på alt frå teater og rockeband til motocross, husflidsaktivitetar og Taekwon-Do. Kulturen har alltid vore viktig for surnadalingane, og mange forbind bygda med Hans Hyldbakk og Henning Sommerro som skapte tekst og melodi til den kjente songen "Vårsøg". Trollheimsporten viser deg her litt av mangfaldet i kulturlivet!

Lag og organisasjonar

Etter avtale med Surnadal kommune held Trollheimsporten oversikt over av lag og organisasjonar i kommunen. Her finn du liste over alle registrerte lag og organisasjonar.

Medlemmer i Trollheimsporten

Stadig fleire lag og organisasjonar i Surnadal blir medlem av Trollheimsporten. Som medlemmer får dei mellom anna presentert nyheiter om laget og aktivitetar dei driv med på Hovedsida til Trollheimsporten og Surnadalsnytt. Sjå kven som er medlem i Trollheimsporten ved å gå inn på medlemslista! Du kan finne meir info om kvart enkeltlag ved å klikke på namnet i lista.

Les meir om medlemsfordelar i Trollheimsporten herMeld inn ditt lag eller din organisasjon også!

Meir om kultur
 
For meir informasjon om bygdas rike og mangfaldige kulturliv, les på dei kommunale sidene: Kultur og fritid - oversikt over fleire mulegheiter innanfor kultur, idrett og friluftsliv.
 
På heimesidene til Surnadal kommune finn du meir om BibliotekIdrettsanleggKulturhuset -  meir om kultur, idrett... ved å klikke på linkene.