yngvild2_250x167

Yngvild Sæter innstilt til Kleivafond-støtte

Yngvild Sæter er i gang med fotoprosjektet "Stangvik 2010", der ho tek portrett av alle fastbuande i bygda. No er 23-åringen innstilt til støtte frå Kleivafondet for prosjektet. Trollheimsporten presenterer her nokre av portretta.

Styret i Kleivafondet skal ha møte 26.april for å avgjere kven av dei ni søkjarane som skal få støtte i år. Kleivafondet blir administrert av Surnadal kommune, og formålet er å "fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innanfor kommunen, unnateke stjerneidrett og fotball".

På grunn av lågt rentenivå i 2009 tilrår rådmannen at det blir gitt 5000 kroner til ein av søkjarane, og at det er Yngvild Sæter som får Kleivafond-støtte i år. Ho har søkt om 5000 kroner til fotoprosjektet ”Stangvik 2010”, og skriv i søknaden at "det idémessige målet er å forsøke å gjøre med fotografi det Hans Hyldbakk gjorde med ord: skape et bygdeportrett som opplyser og engasjerer".

- Dette skal bli ei fotoutstilling der eg portretterer alle fastbuande i Stangvik samt husa dei bur i. Så langt har eg fotografert rundt ein tredel av dei som bur i bygda, fortel Sæter til Trollheimsporten.

Ho studerer no ved Oslo Fotokunstskole, og Stangvik-prosjektet skal utførast 100 prosent analogt.

- Det vil seie at eg fotograferer med eit mellomformatkamera med film, og framkallar bilda i mørkerom. Bilda blir i svart-kvitt, og tanken bak prosjektet er å skape eit portrett av Stangvik ut frå ideen om at det er folket som utgjer bygda, som mosaikkbitar i det store bildet.

- Eg meiner også at dette kan bli eit viktig historisk dokument, eit tidsbilde av Stangvik anno 2010. Målet er å skape ei fotoutstilling som kan bli vist ved flere anledningar, både i Surnadal og andre delar av landet.

Yngvild Sæter håpar kunne vise utstillinga i Stangvik først, under Stangvikfestivalen i sommar.

Her er nokre av portretta i prosjektet "Stangvik 2010". (Klikk på bilda for større versjonar)

stangvik1_1024x1035
Dagrun Andersen.
stangvik2_1024x1064
Gjertine Røsand.
stangvik3_1024x1040
Ola Aasbø, eller Ola Volla som alle kaller ham.