7 Fjellgruppa på Mogstadsetra

Tur til Mogstadsetra (Nistusetra)

Tysdag 25. august var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Nistusetra på Mogstad. Vi starta på Nistua på Mogstad og fulgte den ganske bratte skogsvegen heilt fram til setra, som ligg fritt til under Langurda.

Foto og tekst: Anne Vognild Einum

01 Per Mogstad i seterdøra 2013_690x460.jpg
Petter Mogstad i seterdøra under jakta i 2013
 

Veret var ustabilt med regn og vind frå nordvest, men humøret var på topp hos alle deltakarane. Då vi kom til setra, var det godt å kunne låse seg inn og nyte kaffien og nistepakka under tak. Dette var klarert på førehand med eigaren, Arild Mogstad.

Før vi gjekk derifrå, kunne Brage gje eit kort resyme av setras historie, og om nokre jaktturar her.  Heimturen gjekk  i terrenget vestover til der "gammalsetra stod" Derifrå gjekk vi ned etter den gamle skogsvegen, vest for vegen vi gjekk opp.

Fin og frisk tur trass i noko ruskete ver!

1 Nyløa oppi trøa_690x460.jpg
På tur opp Mogstadtrøa forbi rester etter steintaket på den gamle "Nyløa"  

2 Kristian og  Erik_690x460.jpg
To fjellvandrarar, Kristian og Erik, på veg opp Mogstadtrøa.

3 Ytter Damleet_690x460.jpg
I Ytter Damleet, halvvegs til setra. Gammalvegen til setra går til venstre. Vi tek til høgre på nyvegen til Nistusetra( Mogstadsetra)

4 Mogstadsetra_690x460.jpg
Endeleg, etter bratt skogsveg, ser vi Mogstadsetra, som ligg der så lita, gammal og sjarmerande  under Langurda.

5 Krypinn på Mogstadsetra_690x460.jpg
Skal bli godt med eit krypinn i dette blaute veret!

6 Gjennom låg seterdør_690x460.jpg
Her må ein bøye seg for å kome inn i "heilagdomen"

7 Fjellgruppa på Mogstadsetra_690x460.jpg
Fjellgruppa utafor Nistusetra etter ein god pause innadørs.

8 Vått i terrenget_690x460.jpg
Heimturen i terrenget vestover vart noko blautare. Men spreke pensjonistar hoppa over bekkefar!

9 Sinsenkrysset_690x460.jpg
Godt skilta i Mogstadlia! Godt nedlagt arbeid gjennom lang tid, av Per, Petter og Arild Mogstad.