
Treng fleire natteravnar!
Rindal frivilligsentral administrerer ei natteravngruppe i Rindal. Vi har 21 namn på natteravnlista, men natteravnar er som folk flest, travle menneske, og det er ikkje alltid det passar å bli utkalla. Derfor treng vi fleire natteravnar. Vil du vere med på å gje ungdommen eit tryggare "festmiljø"? Tek du utfordringa?
Oppgåva til natteravnane
er først å fremst å vere til stades der mykje ungdom er samla. Her i Rindal vil det si ved ungdomsfestar og festivalar.
Dei unge ønsker natteravnane velkommen.
Det har vi fått mange tilbakemeldingar på. Natteravnane er ikkje til stades for å spionere eller moralisere, men for å vere godt synlege, ansvarsfulle vaksne som er der som ei tryggheit om noko skulle hende. Synlege nattaravnar verkar forebyggjande mot vald og herverk. Ungdommen ønsker vaksne til stades og saknar natteravnane når dei ikkje er der.
Kven kan bli natteravn?
Vi utfordrar først og fremst foreldre med ungdom i "festalder", men alle vaksne med sunn fornuft kan bli natteravnar, uansett alder, kjønn, utdanning, religion og politikk. Dei einaste krava er at du er fylt 18 år og er edru. Det er sikkert mange besteforeldre der ute som kan bli gode natteravnar.
Trygg avtale med Tryg Vesta.
Natteravnane i Rindal har avtale med Tryg Vesta som forsikrar alle natteravnar på oppdrag og utstyrer natteravnane med godt synlege jakkar, refleksvestar og anna utstyr.
Vi vil at ungdomane våre skal vere trygge når dei er "ute på livet". Natteravnane sitt hovedmål er å forebygge vald og herverk og gje ungdomane eit trygt miljø å ferdast i.
Vil du vere med å gje ditt bidrag til eit tryggare ungdomsmiljø?
Meld deg som natteravn i dag!
Tlf. Rindal frivilligsentral: 71 66 54 65
mobil/ sms: 46 47 48 05
e-post: rindal.frivilligsentral@svorka.net
Gå inn på www.natteravn.no og les meir om natteravnane