Skole Todal fra kommunens nettsider

Todalen skule blir lagt ned frå hausten 2021

Det 100. skuleåret ved Todalen skule, som starta sist måndag, ser ut til å bli det siste ved skulen.

Ingressfoto: Surnadal Kommune.
 

Det melder Todalen.no, som mellom anna skriv:

I ei orienteringssak til Formannskapet, Hovudutval for Oppvekst og seinare i haust til Kommunestyret orienterer kommunalsjef oppvekst Astrid Mogstad Høivik og kommunedirektør Knut Haugen om at elevtalsutviklinga ved Todalen skule tilseier at skulen frå hausten 2021 blir slått saman med Stangvik skule på Evenshaugen. Bakgrunnen for orienteringssaka er Surnadal Kommunestyre sitt samrøystes vedtak den 13.12.2018 der det heiter:

1)            Dersom barnetalet ved Todalen barnehage blir 4 barn eller mindre, blir Todalen barnehage samanslått med Stangvik barnehage frå 01.08 det året dette eventuelt skjer.

2)            Dersom elevtalet ved Todalen skule blir tjue elevar eller mindre blir Todalen skule samanslått med Stangvik skule frå 01.08 det året dette eventuelt skjer.

3)            Det er barnetalet 01.08 året før det aktuelle skuleåret som skal leggast til grunn. Dette for å

                g) gi førskuleungane eit sikkert mål

                h) gi god tid til sakshandsaming, personalprosess og anna intern førebuing.

4)            Dersom det blir ei samanslåing av barnehagen eller skulen, skal det lagast ei eiga sak om gjenbruk av barnehage- og skulebygget i Todalen.

5)            Ny forskrift for barnehagen sitt opptaksområde og ny forskrift for skulekrinsen skal utarbeidast og vedtakast om ei samanslåing blir aktuelt.  

Elevtalet ved Todalen skule vil etter teljinga 01.08.2020 vere nede på 20 elevar frå hausten 2021 og berre 15 elevar frå hausten 2022.

Les meir på Todalen.no