Oppnådde det nest høgaste besøkstalet i år
Stabilt høgt for Trollheimsporten i november
Trollheimsporten hadde i november eit stabilt besøk. Det var 25 552 absolutt unike brukarar - svært bra og det nest høgaste besøkstalet i år. Berre mai slo dette i år, da vi sette rekord med 27 242 unike brukarar. I desember i fjor var det og fleire med 26 885 unike. Da blir det spennande å sjå om vi slår dette i desember i år. Det er berre å følgje med på Trollheimsporten:
Det er statistikken frå Google Analytics, som Trollheimsporten brukar som uavhengig måleeining. Same månad i fjor var det 25 272 unike brukarar. Slik har Trollheimsporten auka litt - og held seg stabilt høgt.
Av andre målingar frå Google Analytics kan vi nemne totale klikk innpå - altså besøket i november - 150 949. Ifjor var det 150 607 same månad.
Av sidevisingar var det litt færre i år enn i fjor - 537 290 mot 631 091.
I gjennoimsnitt er kvar enkelt innpå Trollheimsporten i 14,18 minutt - nærare kvarteret med andre ord - og er i tillegg innom 3,56 sider i gjennomsnitt.