Spelet om Heilag Olav
- Som eks-rindaling, no busett på perlen Inderøya, har eg sett kva som blir skrive om Spelet på Trollheimsporten, skriv Inger Marie Kimo. - Eg var òg der på onsdag og kan berre slutte meg til det dei andre skriv om forestillinga. (Foto frå Spelet: Arnold Grytbakk)
No har forøvrig Eir Inderhaug, som har spelt Gudrun i elleve år, fått Stiklestadprisen for sin innsats i Spelet. Stiklestadprisen er ein heiderspris som blir delt ut annakvart år av Verdal kommune til ein kunstnar eller forskar som har gjort ein særleg innsats for kunnskapen om og kulturarven kring Olav Haraldsson. Eir er ein svært verdig mottakar, og alle spelentusiastar lever i håpet om at Eir kjem tilbake neste år òg, under Stein Winges regi...
(Inger Marie Kimo jobber til daglig i Steinkjer, som organisasjonssekretær i Norges Korforbund Nord-Trøndelag.)