Tips 4: Nordviksula
Sommartur i Surnadal
Her kan du følgje eggen over mot Indre Sula- viss du tør! Alle foto: Norunn Holten
Sula har som kjent to toppar, og det er ein tur til den ytste av desse som her blir beskrive. Den inste Sultoppen er høgast av dei to, med sine 1325 meter over havet. Det er sjølvsagt muleg å forlenge turen hit når ein først er komen til toppen av den ytste Sula. Ein kan da gå etter eggen mellom dei to toppane. Visst ein vil til den indre Sula, kan ein også gå frå Kvenndalen.
Sjølv om altså den ytste Sula er litt lågare enn den inste, er dette ein tur som byr på heftige opplevingar. Mellom anna er det eit par skikkeleg mektige stup å oppleve. På toppen, ved varden, står du på kanten av eit imponerande stup. Stien svingar innom denne bratte bergveggen på turen oppover, og går ein ut på kanten her, kan ein nok kjenne søget i magen. Eit anna mektig stup er bergveggen på toppen av den inste Sula, som du ser rett inn i frå toppen av Ytre Sula. Vi vil også framheve Suloppkommet som ei oppleving på denne turen. Oppkommet er skilta etter at myra er passert og stien har kome over på meir fast grunn. Det er merkverdig å sjå korleis ein bekk plutseleg dukkar opp av ingenting. Vatnet er kaldt og godt, så er drikkeflaska tom, er dette plassen for å gjera noko med det. Du har kanskje lest norske folkeeventyr der det kjem ein heil bekk rennande ut av ei nøtt? Kanskje er det oppkom som dette som har gitt grunnlag for slike forestillingar? For menneske som levde i tidlegare tider, kunne i alle fall fenomena synast like merkverdige......
Det er ofte vanskeleg å anslå kor lang tid ein tur tek. Dette avheng jo av fysisk form, kor lang eller gammel du er, oppakning og om du er ute etter å trimme/trene eller ha ei fin turoppleving. Rimeleg spreke karar anslår 1,5 time som høveleg tid for å gå frå parkeringsplassen og opp på Sula. Mange vil nok seie dette er alt for kort tid. Skal ein samanlikne med andre turar, er ein tur på Sula mindre tidkrevjande enn ein Knyktur, men den er nok likevel meir krevjande fordi den er brattare. Dei som når toppen, vil nok likevel tykkje turen opp var sveitten verdt!
Fakta om turen:
Stad | Start ved demninga ved enden av Blomlivegen (bomveg) på Nordvik→ Nordviksula→Tilbake til startpunktet |
Type tur | Vandring |
Gradering | Raud (krevjande) |
Kulturminne | Nei |
Beskriving av kulturminne | - |
Turbeskriving- trase’ | Køyr til Nordvik og sving av inn på Blomlivegen, ein bomveg som startar på øversida av vegen rett ovanfor Nordvik Forsamlingshus. Køyr til enden av vegen. Gå over demninga og fortsett etter stien på andre sida. Den første delen av turen går i myr, og er derfor relativt tung (ikkje minst i år med mykje nedbør). Når du seinare kjem opp i rabbane, blir underlaget fastare, og det blir lettare å gå. Dette trass i at det da blir meir stigning. Når du kjem opp frå myra, er også merkinga av stien meir tydeleg. Dei få plassane stien deler seg, viser dei raude merka langs stien kva som er rett veg. Mot slutten går turen gjennom stein og ur, og det er da berre dei raude merkingane som viser traseen. Ver merksam på kvar den siste raudflekken før toppen er, slik at du finn tilbake til stien når du skal gå ned igjen. |
Startpunkt | Ved demninga på enden av Blomlivegen. |
Sluttstad/turmål | Sluttstad: som startpunkt. Turmål: Toppen av Nordviksula. |
Parkering ved startpunkt | Det er plass til å parkere ved startpunktet. Unngå parkering på snuplassen! |
Type underlag | Myr det første stykket, deretter sti og stein/ur på slutten av turen opp mot toppen. |
Stigning | Her er det stigning heile vegen, men heldigvis mest der underlaget er hardt. |
Total stigning | Ca 900 meter |
Offentleg transport | Her er det nok lurast å satse på privat skyss. |
Spesielle forhold | • Hugs bompengar • Partia med stein og ur på slutten kan gjera turen vanskeleg for folk med enkelte typar skadar i føtene. |
Kart |
Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000) eller topografisk kart «Snota» (1:50 000) |
Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!