Sjøklein på Rørvatnet
Rindal Utmarkslag og Rindal Jeger og Fisk inviterte folk til familiedag ved Rørvatnet i Rindal lørdag. Det var fisking og skyting, og grilling av fisk og pølser.
Per Helge Pedersen og Bjørn Brekstad (over) hadde sett ut garn fredag kveld. Da var det så sterk vind og store, kvittoppa bølger at Per Helge heldt på å bli sjøklein, fortalte han. Det førte til følgjande kommentar frå ein frå ein annan kant av bygda:
Du veit du er rindaling når du blir sjøklein på Rørvatnet.
Over 40 rindalingar og høttrindalingar var innom plassen til Rørvatnet Vel i løpet av dei timane aktiviteten foregikk. Det vart servert kaffe og brus, pølsene fekk farge og varme på grillen, og sjølvsagt vart noko av fiskefangsten lagt på grillen og servert!
Sjølv om fangsten var rundt 40 fisk, både rør og aure, kunne den godt vore større, meinte fiskarane. Kanskje veret i går kveld verka negativt.
Det er viktig at ein reduserer fiskemengd i vatnet slik at den vert meir i samsvar med næringstilgangen, og dermed større. Derfor driv Rindal Utmarkslag og Rindal Jeger og fiskeforening med utfisking i fleire vatn i lag med grunneigarane.
Ronja Grøset viser fram den fine fisken ho har tatt ut av garnet.
Airo var den første som prøvde seg på skyting med salong-gevær roleg instruert av Jon Ola Romundstad.
Airo klarte 28 poeng på si første skyteøkt.
Margrete klarte heile 44 av 50 mulege poeng!
Rakel sikta seg inn til 43 poeng
Inger Emilie klarte 33 poeng
Anne skaut seg opp på 38
Hedda klarte 40 poeng, og du kan sjølv rekne ut kor mange blinkar desse klarte!
Nils Ivar Grøset, ledar i Rindal Utmarklag, serverte pølser med brød
Erik Landsem overvåker Per Helge Pedersen og Bjørn Brekstad når dei heng opp garna og plukkar ut fisken.
Oss fiskarar imellom!
Dei største aurane, fordelaktig avbilda!
No skal fisken grillast!
Oda elska fisken!
- for den smaka riktig godt!
Litt meir fisking, medan dei som budde nærast rodde heim.
Garna tørkar i ettermiddagssola.
- og enda eit kast til!