Jo Inge Nes Stangvikfestivalen 2018

Satsar på kultur i Stangvik prestegard

Første veka i juli kan trioen Jo Inge Nes, Anders Askelund og Brit Dyrnes ønskje dei første gjestane velkomne til nysatsinga Stangvik prestegard - Kulturspinneriet. – Vi ønskjer å skape kulturaktivitet, og samtidig sørge for at huset vert teke vare på, seier Jo Inge Nes.

Ingressfoto: Jo Inge Nes håpar initiativet vert sett på som eit positivt bulysttiltak (Arkivfoto).


– Eg håpar folk ser dette som eit prosjekt bidreg til auka bulyst, seier Jo Inge Nes.

Han tykkjer det er stor stas å kunne presentere ein ny kulturstad i Stangvika, og håpar folk som vil skape kultur – i ei eller anna form – ønskjer å bruke Kulturspinneriet.

Motivasjonen til Nes, Askelund og Dyrnes er, ifølgje førstnemnde, at dei er ivrige kulturarbeidarar.

– Vi brenn for kulturaktivitet alle tre, og kultur kan vere så mangt, seier Nes, og nemner både film- og teaterproduksjon, kunst, yogakurs og matlaging som aktuelle aktivitetar, i tillegg til musikk.

– Tanken er at ein skal kunne bu der og velje heilt sjølv om ein vil jobbe, øve eller berre vere på ferie. Vi ser og for oss at det kan nyttast til sambruk med Bondehuset i samband med til dømes bryllaup eller konfirmasjonar.

– I tillegg er vi jo så heldige at vi har ein fantastisk restaurant i Svinvik Gard, rett i nærleiken, og dei håpar vi å samarbeide med.

åpningskonsert folksomt.jpg
Stangvik prestegard har husa mange flotte konsertar under Stangvikfestivalen. No blir det lagt opp til meir kultur i huset (Arkivfoto).
 

Håpar på stor interesse

Huset, som er frå 1780, har totalt 20 sengeplassar fordelt på sju rom, og er allereie utleigd tre veker i juli.

– Litt av bakgrunnen for ideen var jo at vi mangla overnattingsplassar i samband med Stangvikfestivalen, og no har vi leigd ut dit allereie. Vi håpar det er interesse eit godt stykke utover hausten, og gjerne om vinteren og. Det er vedfyring i alle rom, seier Nes.

Dei som leiger må leige i minimum ei veke.

– Grunnen til at ein ikkje kan ringe og leige seg inn for ei natt, er at vi berre er tre som skal drifte det, seier Nes, og held fram:

– Det er mykje som skal gjerast klart når det kjem gjestar, så vi har rett og slett ikkje kapasitet til å leige ut for ein og ein dag. Samtidig tilbyr vi rimelege prisar for ei veke, i forhold til marknaden elles.

I om lag eit halvt år har initiativtakarane Nes, Askelund og Dyrnes jobba for å få kontrakten om leige av Stangvik prestegard i hamn.

– Askelund og Dyrnes er to "gærningar" frå Trondheim, som har hatt hytte i Stangvika i mange år. Vi har sett at prestegarden har stått tom i tre år. Det er eit fantastisk flott bygg, med mykje historie i veggane, seier Jo Inge Nes.

Dei tre hadde i utgangspunktet ikkje spesielt stor tru på at dei kom til å få lov til å leige huset, som dei no disponerer i to og eit halvt år framover.

Etter ein runde med Opplysningsvesenets Fond (OVF), som eig alle prestegardar i Noreg, og god dialog med Soknerådet, gjekk det i orden.

Nes fortel at dette på ingen måte er noko dei tre gjer for å tene pengar.

– Går vi i null vil vi vere meir enn fornøgde. Det er det å skape kultur og bulyst, samt å halde huset ved like, som er viktig for oss. 


– Eit heiderleg forsøk på å gje huset eit løft

Nes fortel at litt av bakgrunnen for konseptet Stangvik prestegard - Kulturspinneriet, er å passe på at huset blir heldt ved like, og ikkje selt.

– Det er ikkje til å stikke under stol at mange prestegardar står tomme i Noreg, og vi håpar at det ikkje skjer her.

Nes er førebudd på at det kanskje kan vekke reaksjonar at prestegarden no skal brukast på denne måten.

– Eg forstår at det kan verke provoserande på nokon. Prestegarden ligg rett ved kyrkjegarden, og det er naturleg at det er mange kjensler knytt til dette, seier Nes, og legg til:

– Vi har måtta overtyde mange om at dette er eit heiderleg forsøk på å gje huset eit løft. Det er viktig at huset vert bruka, viss ikkje forfell det. Er det ingen som passar på det og held det ved like, vil det nok vere stor fare for at prestegarden endar opp med å bli selt.

Initiativtakaren fortel at dei ikkje kjem til å leige ut prestegarden til kven som helst.

– Ingen får leige utan at vi veit godt kven det er. Vi har samtalar med folk før dei leiger, slik at dei er klare over kva slags hus dette er, og kvar det ligg, seier han.

Han håpar no mange vil ta i bruk Stangvik prestegard - Kulturspinneriet i tida framover.

– Det er jo ein fantastisk eigedom med stor hage og elv med badepytt rett nedanfor. Prestegarden ligg utruleg fint til, og ein har og Svissholmen rett attmed. Så vi trur og håpar at dette kan vere interessant for folk, seier Nes.

prestegarden stangvik.jpg
Arkivfoto.

104476005_10156799307781895_1701125033802089547_n.jpg
Foto: Brit Dyrnes.

104428750_10156799307776895_8636252491511477417_n.jpg
Foto: Brit Dyrnes.