Nytrønderar på Trondheimstur
Rindal pensjonistlag var på tur til Trondheim torsdag denne veka. Målet var Sverresborg og Palmehaven.
Etter å ha plukka opp passasjerar oppover bygda, drog FRAM-bussen til Trondheim, Byåsen og Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum med 33 passasjerar og Jan Sturla Jensvol som stødig sjåfør.
På folkemuséet spreidde folk seg ut over utstillingane, både ute og inne, i mesta tre timar, og dei fleste var innom kafeteriaen for ein liten matbit.
Neste mål var Britannia Hotell i Dronningens gate der det var bestilt lunsj. Vi vart mottekne og ønska velkomne på den raude løparen ved døra av dagens Doorman.
Lunsjen smaka godt og gjorde godt, ytrefilet av storfe og dessert – ei kake med sjokolade, is og bringebær, alt nydeleg anretta!
Turkomitéen i Rindal Pensjonistlag kan notere seg nok ein vellukka tur med fornøgde deltakarar.
Knapt innom døra på Sverresborg fann Johan Landsem eit Landsemski som Oddvar Brå hadde bruka i eit renn ved Grossglockner, Østerrike, eit renn han sjølv også deltok i. Med høgde over 2500 moh, er nok dette det høgste rennet han har vore med i!
Frå venstre Oddvin Meland, Margret Meland, museumsdirektør Brynja Birgisdottir og Paul Haugen utanfor Skiboksen, folkemuséets skiutstilling, som eigentleg var laga for å bli lånt ut til messer og liknande på ulike plassar i Trøndelag. På grunn av koronaen vart den ståande på Sverresborg heile tida. Foto: Helene Marie Nergård.
Der fann vi det eine av dei berømte siste treskia til Magne Myrmo, men også eit noko eldre skipar som var godt over 3 meter langt!
Dette er altartavla som stod i den gamle katolske kyrkja som måtte rivast for å gje plass til den nye. Kunstverket er laga av Håkon Bleken.
Ved sida av Eventyrstigen var fleire kjente norske folkeeventyr illustrert med motorsagkunst av bildehoggar Arne Askeland.
Restane av sjølve borga til Kong Sverre på toppen av berget.
Deler av Folkemuséet, hovedbygninga og byavdelinga, med Munkholmen i bakgrunnen, sett frå borga.
Inne i utstillingslokala på Sverresborg såg vi både gamle kommunikasjonsmiddel og ei stor avdeling som pensjonistane kjente att frå sin ungdom.
Vi har ei tilleggsopplysning når det gjeld bildet av dei rosemåla styrsledane. Den flotte styrsleden nr. 3 frå venstre på bildet ovafor er frå utigard Gåsvatn. Jordkaren John Olsen Gaasvand fekk denne da ha var 13 år i 1837. Måla av Lars Hallvardson Fiske på Solemshaugen i Surnadal.
I gamle dagar ville Trollheimsporten vorte laga på dette trykkeriet.
På denne matbutikken var det litt for ein kvar smak, men det var nok berre i byen ein fann dette utvalget.
Mange har søte drømmar om besøk på Eriksens Konditori!
Skulpturen «Go'dagen», som også er kjent som Torgkona, ser ut til å trivast på torget i byavdelinga Gamle Trondheim på folkemuseet på Sverresborg, i alle fall i dette livåte selskapet! (Torgkona i midten!)
Dagens to Doormen på Britannia flankerer sjåføren vår ved inngangen
Heile turfølgjet klare for lunsj i Palmehaven, Britannia. Foto: Helene Marie Nergård
Sjåføren vår poserte gjerne framom Britannias eigen "London-drosje"
Lunsjen i Palmehaven smaka aldeles utmerka, servert av unge, flinke servitørar til taffelmusikk frå flygelet
Det vart også tid til litt småhandel og ein tur på det nyoppussa torget i trønderhovudstaden.
Føraren av denne sykkelen brukar hjelm og parkerer skikkeleg utanfor Sverresborg. Det kan ein ikkje seie om alle el-sparkesyklane vi såg nede i byen!