ingress

MF Stangvikfjord i gang på strekninga Kvanne-Rykkjem:

Nyferja i gang: feira jomfrutur med kake, is og flagg

– Ein gledens dag, slår både skipper Svein Bøe, Tove Lise Torve og Lilly Gunn Nyheim fast.

Tysdag klokka 13.00 la den topp moderne el-ferja "Stangvikfjord" ut på det som var hennar første offisielle tur over Stangvikfjorden.

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Tove Lise Torve, og fylkestingsrepresentant og samferdselspolitikar Lilly Gunn Nyheim (begge frå Ap) var blant dei som tok turen over frå Kvanne til Rykkjem.

– Dette er ein gledens dag for oss på Kvanne. Vi har venta på både ei miljøvenleg og ei større ferje. Ei større ferje fekk vi frå årsskiftet på grunn av Nordmørspakken, og no er og den "rette" ferja, MF Stangvikfjord, på plass, seier Lilly Gunn Nyheim.

Ho tykkjer det er stas at ferja tek namn etter fjorden.

– Vi føler nok litt meir eigarskap til ei ferje som heiter Stangvikfjord, som er bygd for denne strekninga, seier ho.

stangvikfjord front.jpg
MF Stangvikfjord legg til kai på Kvanne for første gong.
 

Torve feira nyferja med å dele ut is til mannskap og passasjerar, og fylkesordføraren er glad for at Stangvikfjord no er på plass.

– Dette har vi gleda oss lenge til. Dei nye, miljøvenlege ferjene er omtrent som en revolusjon, seier ho, og får støtte frå skipper Svein Bøe.

66-åringen har jobba på båt sidan han var 14, og fortel at det har vore ei enorm utvikling på feltet sidan han starta.

– Dei båtane som er komne no er nesten rakettforsking, seier Bøe, som opprinneleg er bøfjording, men som no bur på Frei. Skipperen for nyferja har jobba på sambandet Kvanne-Rykkjem dei siste sju åra. Han er glad for at MF Stangvikfjord er i full gang.

– Dette er store framskritt, som det er veldig artig å vere med på, seier han, og henvender seg til de to fylkespolitikerene med følgende oppfordring:

– No må vi berre få behalde denne ferja her på dette sambandet.

Torve og Nyheim var ikkje seine med å svare:

– Vi gjev ikkje slepp på denne no, ler Nyheim.

– Nei, ho heiter trass alt Stangvikfjord, så denne ferja skal vere her, smiler Torve.

kake.jpg
Skipper Svein Bøe og Lilly Gunn Nyheim feira nyferja med kake i messa.

torve is.jpg
Passasjerane fekk is av fylkesordførar Tove Lise Torve og fylkestingsrepresentant Lilly Gunn Nyheim (ikkje på biletet).
 

– Alt blir mykje betre no

Møre og Romsdal fylkeskommune signerte kontrakten med Fjord1 ASA for drift av dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre i januar 2018. Kontrakten varer i 11 år, og starta opp 1. januar i år. Totalt er "Nordmørspakken" verdt 1,884 milliardar kroner.

I tillegg til MF Stangvikfjord, er MF Tustna, MF Grip, MF Smøla og MF Møringen dei nye, meir miljøvenlege ferjene, som skal bidra til den omfattande oppgraderinga av ferjesambanda. 

– Dette er moderne el-ferjer som primært skal gå heilelektrisk. Dei er optimaliserte og skreddarsydd for sambanda med omsyn til stabilitet og energieffektivitet, i tillegg til å tilby gode passasjerfasilitetar. I tillegg til dei store utsleppskutta som fartøya representerer, vil det og innebære eit stort kvalitetsløft for våre reisande, sa regionleiar i Fjord1, Odd Reidar Ormåsen til Fjord1 si heimeside tidlegare i år.  

Du kan lese Trollheimsporten si sak om dette her.

bytte.jpg
MF Edøyfjord (t.h.) forlet ferjekaia på Kvanne, og overlet plassen til MF Stangvikfjord (t.v.).

MF Stangvikfjord erstattar MF Edøyfjord, som no blir reserveferje for både sambandet Kvanne-Rykkjem og fleire andre ferjestrekningar i regionen. Den nye ferja kan ta inntil 50 personbilar og har ein passasjerkapasitet på 149. 

Maskinsjef Jørgen Skarshaug, som var med på MF Edøyfjord sine siste turar før den for utover fjorden og overlet plassen sin til MF Stangvikfjord, slår fast at dei nye ferjene vil føre til ein ny kvardag - for både tilsette og passasjerar.

– Alt blir mykje betre no. Eg er veldig glad for at dei nye ferjene er komne. Vi får ein betre arbeidsplass, og dei reisande for eit betre tilbod, seier han, og trekkjer fram:

– Den nye ferja er mykje meir stabil på sjøen, og salongen og resten av interiøret er meir delikat. I tillegg er den jo elektrisk, med diesel som reserveløysing, så den er veldig stillegåande.

MF Stangvikfjord har skrog frå tyrkiske Cemre Shipyard, og her kan du sjå ekstern video frå deira YouTube-kanal, som viser den aller første sjøsettinga av ferja som no fraktar passasjerar over Stangvikfjorden:


Video: Cemre Shipyards YouTube-kanal.

Skarshaug forteller at nyferja nå kommer fra Havyard Ship Technology i Leirvik, der den har fått det han kaller et "norsk-skandinavisk preg". 


Fornøgde turistar

I ein av dei første bilane som køyrde ombord i nyferja på første tur frå Kvanne til Rykkjem, finn vi Bjørn Finsrud frå Tønsberg og kona Grete Nedrelid frå Rovde i Vanylven. Dei er på veg til Trollstigen, før dei skal til heimplassen til Grete på Sunnmøre.

Etter å ha vorte servert kroneis av fylkesordføraren, fortel dei at dei tykkjer det er litt stas å få vere med på den aller første turen med ny ferje.

 – Då vi stod og venta på ferja sa eg faktisk i bilen her at det såg ut som om dei heldt på å gå over til elektrisk ferje her. Det tykkjer eg er bra dei gjer, seier Bjørn, som saman med Grete konkluderer med at nyferja - ja, den ser riktig fin ut.

grete og bjørn.jpg
Grete Nedrelid og Bjørn Finsrud var med på overfart med ny ferje, og tykkjer det er bra at det no er El-ferje på plass.

første bil.jpg
Første bil ombord i ny ferje!

første billettering.jpg
...og første runde med billettsal.

illustrasjon stangvikfjord-ferje i stangvikfjorden.jpg
MF Stangvikfjord på veg over til Rykkjem for første gong.

stangvikfjord fra sida.jpg
MF Stangvikfjord midtfjords, sett frå styrhuset i MF Edøyfjord.

legge til.jpg
Slik ser det ut frå styrhuset i MF Stangvikfjord når nyferja legg til kai på Kvanne.