NRK Radio P1 Naturens verden til Svinviks arboret 1. pinsedag
Tove Fugelsnes frå NRK radio og avdelingsleiar ved Surnadal museum, Dordi Kjersti Mogstad, har denne veka gått rundt i ein blomstrande og duftande hage bada i sol og varme - der nye blomster og blad sprett ut frå time til time - og gjort opptak til radiosendinga som skal gå no førstkomande søndag - 1.pinsedag.
Frukthagen i Svinvika vil slå ut i full blomstring i pinsehelga. Alle foto: Dordi Kjersti Mogstad
Programmet Naturens verden er ein klassiker i NRK P1, med over 700 000 faste lyttarar. Reportasjane frå naturperler rundt om i landet gleder kvar søndag naturinteresserte folk i heile Norge.
Så pass på å få med dykk ein fin stemningsrapport frå Nordmøre og Svinviks arboret sendt på riksradiokanalen NRK P1 søndag kl. 9-10!
Lysande gull oppe i berghamrane i Svikviks arboret.
Rhododendron i full blomstring!
Frå primulasamlinga i arboretet.
Fleire står med bristeferdige knoppar.
Rhododendronprat!
Minneblomar i fullt flor.
Gamle stauder- primula og småhjerte.