NRK Radio P1 Naturens verden til Svinviks arboret 1. pinsedag
Tove Fugelsnes frå NRK radio og avdelingsleiar ved Surnadal museum Dordi Kjersti Mogstad har denne veka gått rundt i ein blomstrande og duftande hage bada i sol og varme - der nye blomster og blad sprett ut frå time til time - og gjort opptak til radiosendinga som skal gå no førstkomande søndag - 1. pinsedag. Og avdelingsleiar Dordi Kjersti Mogstad har vore rundt og tatt rykande ferske bilete frå arboretet. Her ser vi minneblomar i full flor.
Over ser du frå primulasamlinga i Svinviks arboret. Til høgre står fleire med store bristeferdige knoppar.
Naturens verden ein klassiker
Programmet Naturens verden er ein klassiker i NRK P1, med over 700 000 faste lyttarar. Reportasjane frå naturperler rundt om i landet gleder kvar søndag naturinteresserte folk i heile Norge.
Så pass på å få med dykk ein fin stemningsrapport frå Nordmøre og Svinviks arboret sendt på riksradiokanalen NRK P1 søndag kl. 9-10!!
Ei flott pinsehelg
- Det blir ei flott pinsehelg her inne i Svinviks arboret, fortel biolog og avdelingsleiar Dordi Kjersti Mogstad til Trollheimsporten. - Mykje rododendron står med store knoppar som sprett frå time til time no! Og ville minneblomar står i blått flor ute i frukthagen! Desse blir omtala i programmet søndag. legg ho til.
Klikk på bileta under og sjå dei større og i serie: