Natt i naturen
Denne helga blir det mange som søv ute! Friluftsinteressa er på topp i Norge. Mange har skaffa seg telt og hengekøyer i sommar og overnatta ute, slik som desse damene ved Langvatnet i Rindal.
#nattinaturen er startskottet for Friluftslivets uke, som er ei nasjonal feiring av naturen og friluftslivet.
Friluftslivets uke i år er frå 5. september til 13.september.
Målet er å invitere heile Norge med ut i naturen, og at fleire skal få opp augene for uteovernatting.
– Alle er velkomne. Både du som aldri har overnatta ute før, og du som tel den tiande natta di under stjernene denne sesongen. Er du nybegynnar, er det heilt innafor å legge seg til på balkongen eller slå opp teltet med barna i hagen, oppmuntrar Heimdal på nettsida til Norsk Friluftsliv.
Rundt omkring i landet er det planlagt mange arrangement i Friluftslivets uke.
Lokalt er det organiserte Tirsdagsturar, Kløverturar, Stavganggruppe og Fjellgruppeturar, og i tillegg er det Stikk-ut-postar, gapahukar og merka toppturstigar, så du manglar ikkje turmål og treng ikkje gå på tur aleine.
Eli Landsem Solvik tok desse bilda ved Langvatnet i Helgetunmarka siste natt.