Moholdt vann Norgescupen

Lars Hol Moholdt er som snarast innom Rindal etter å ha vunne Norgescupen i skiorientering og tatt ein 4.plass i NM i skiorientering i Asker i helga. Det siste var han ikkje fornøgd med,  - men eg trong vel ein trøkk, sa han til Trollheimsporten.

Foto frå www.ski-o.com 
 
Norgescupen er ei rekke på 7 renn, NM medrekna. Han er svært godt fornøgd med sesongen hittil.
Han prøvde seg også i 15 km fri teknikk i NM i Stokke, der han vart nr. 44.
Til helga dreg han til Bulgaria der det er World Cup. Etterpå står EM for tur i Romania. Der skal også Magne Moholdt vere med på smørarlaget.
På litt over 2 veker skal han gå 8 løp, 4 i World Cup i Bulgaria og 4 i EM i Romania.. Det høres hardt ut, men Lars trøster oss med at han er godt trena no!
Du kan sjå litt av terrenget EM skal gå i på bilda nedafor!
 
 

- og du kan sjå reklame for EM i skiorientering på YouTube.