Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 
Ann_Torild_og_Ruben_(1)_350x557

Møttest på nett, giftar seg på TV

Ann Torild Petersen frå Surnadal og Ruben van Tienen frå Nederland traff kvarandre på nettet for elleve år sidan. I fjor sommar gifta dei seg i Stangvik kyrkje - med eit TV-team frå TV3 på slep. Måndag 28. februar blir både førebuingane og gjennomføringa av den store dagen vist i serien "3 bryllup", der Ann Torild konkurrerer med to andre bruder om å ha det beste bryllaupet.

Det var opprinneleg Ann Torild sin forlovar som meldte paret på programmet. Internett går igjen som tema i Ann Torild og Ruben sitt bryllaup, og fargen i både dekorasjonar og brudesko er den nederlandske nasjonalfargen - oransje!

Ann Torild sine rivalar i programma som blir sendt neste veke, er Elisabeth Svendsen med eit uformelt sparebryllaup, og Janniche Lund som har planlagt eit eventyrbryllaup. Dei to jurybrudene får mellom anna oppleve Ann Torild og Rubens sin heilt spesielle inngangsmarsj i Stangvik kyrkje.

Det er "finale" mellom brudene 3.mars.

I serien "3 bryllup", der Kathrine Sørland er programleiar, skal tre bruder konkurrere om kven som har det beste bryllaupet. Kvar uveke følgjer sjåarane tre nye bruder i førebuingane og gjennomføringa av bryllaupet sitt. Dei blir invitert i kvarandre sine bryllaup, der dei gir kvarandre poeng i ulike kategoriar. Dern som får høgast poengsum vinn ei fantastisk bryllupsreise.