1500 koronavirus-tema SKAL KREDITERES Foto CDC, Alissa Eckert High resolution

Statusrapport frå kommuneoverlegen i Surnadal måndag 21. september:

Korona i Surnadal: Fire av fem einingar reopnar tysdag

Oppdatert status for berørte barnehagar og skuletrinn frå Surnadal kommune: Det har i dag vore eit beredskapsmøte i oppvekst. Overordna gjeld at vi er ekstra nøye med at barn med nyoppståtte symptom ikkje skal i barnehagane eller skulane. 

Foto: Alissa Eckert, CDC.

I samarbeid med smittesporingsteamet har ein komme fram til følgjande status for barnehagar og skular:

Ved Midtigrenda barnehage er alle avdelingar opne frå tysdag 22.09.20. 
Ved Øye barnehage er alle avdelingar opne frå tysdag 22.09.20
Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter er open på alle trinn frå tysdag 22.09.20.
Mo barnehage, inkludert søsken i skulen, er framleis stengt til og med onsdag 23.09.20. Ny vurdering blir gjort onsdag 23.09.20 på bakgrunn av testsvar. 
Øye skule open på alle trinn frå tysdag 22.09.20.

Føresette blir i tillegg informert i respektive kanalar.

Med vennleg helsing
Bjørn Buan
Kommuneoverlege