SIL G19 Foto Heid Snekvik, Surnadal IL

Juniorlaget med storseier

Surnadal sitt G19-lag, no med tre rindalingar på laget, valsa over Frei og vann 5-2 heime på Syltøran torsdag kveld. 

Ingressfoto: Lagbilete etter seieren over Frei (Foto: Surnadal IL Fotball).

Koronarestriksjonar frå myndigheitene gjer at det er full stopp i breddefotball for dei som er 20 år eller eldre.

Dermed er Gutter 19 og Jenter 19 dei to eldste Surnadal-laga som deltek i seriespel sesongen 2020.

Juniorgutane knuste rivalane frå Sunndal heile 6-1 i sin første kamp i den noko amputerte sesongen, der dei skal spele totalt seks kampar. Lasse Vaseng Hansen (2), Vegard Gjul, Edvard Bolme Fjerstad, Vegard Dønnem og Viljar Fiske Kvande stod for scoringane mot raudtrøyene frå andre sida av den nye el-ferja.

I andre serierunde tok Surnadal leiinga 4-1 borte mot Kristiansund BK, men KBK slo hardt tilbake etter pause og vann 7-5. Lasse Vaseng Hansen (2), Vegard Gjul (2) og Viljar Fiske Kvande teikna seg på scoringslista.

Tredje kamp, borte mot Dahle/Nordlandet 1, vart skuffande sett med Surnadal-auger. Etter ein time låg dei under 0-5, og sjølv om Viljar Fiske Kvande pynta på resultatet, vart det firemålstap og null poeng med i bagasjen heim til indre.

Det var difor ein revansjesugen gjeng som møtte Frei til dyst på Syltøran torsdag kveld. 

Etter ein snau halvtime gira surnadalingane opp eit hakk, og scora to mål i løpet av like mange minutt. Først sette Viljar Fiske Kvande inn 1-0 etter flott forarbeid av Vegard Dønnem, før Fiske Kvande serverte Vegard Gjul til 2-0. 

Og 17 år gamle Viljar Fiske Kvande, som fekk seks innhopp for A-laget i 4. divisjon i fjor, hadde på ingen måte tenkt å gje seg med det. Berre to minutt etter pause la han på til 3-0, etter at han sette inn ein retur frå si eiga avslutning. 

Frei fekk jobba inn ei redusering etter 54 minutt, før ein mållaus periode på ein liten halvtime følgde. Ti minutt før full tid bestemte imidlertid Vegard Gjul seg for at nok fekk vere nok. Eit glimrande soloraid vart avslutta med scoring, og dermed stod det 4-1.

Då hjalp det lite at kristiansundarane reduserte på nytt, for Gjul kvitterte raskt, med si tredje scoring for dagen. Dermed fekk Webjørn Holten, som i fråvêr av A-lagskampar er kampleiar for heimekampane til G19, sjå laget sitt vinne 5-2.

Sander Landsem Kattem debuterte for Surnadal mot Frei, etter overgangen frå Rindal. Også brørne Martin og Edvard Bolme Fjerstad meldte overgang til Surnadal då det vart klart at det vart elleverserie for G19 i Nordmøre og Romsdal fotballkrets.

Rindal er dermed sterkt representert på laget, som etter seieren over Frei klatra opp til tredjeplass på tabellen - bak CFK/KFK og KBK. Det står no att to kampar av sesongen, og for Surnadal sin del er det heimekamp mot Averøykameratene 19. september og bortekamp mot serieleiar CFK/KFK 25. september. 


SIL G19 2 Foto Heid Snekvik, Surnadal IL.jpg
Foto: Surnadal IL Fotball.
Bak frå venstre: Vegard Snekvik, Halvor Fjærvik, Henrik Kvande-Talgø, Vijar Fiske Kvande, Tore Bæverfjord, Jonas Jordet Bergem og Lars Arne Lesund.
I midten frå venstre: Vidar Humberset, Edvard Bolme Fjerstad, Sander Landsem Kattem, Martin Bolme Fjerstad, Kristoffer Bersås (med hette).
Framme frå venstre: Lasse Vaseng Hansen, Vegard Dønnem, Lars Gjøra, Vegard Gjul, Ruben Lysø og Mohamad Osama Hussain.