inderberg_350x188

Inviterer til jazzkveld på Vårsøg Hotell

Vårsøg Hotell satsar på musikk av høg klasse når dei fredag 20. mai inviterer til jazzkveld med John Pål Inderberg (bildet) og Bjørn Alterhaug i Horisonten Restaurant. Her vil det bli musikalske opplevingar, gode historier og stor ostebuffet med både lokale og internasjonale ostar og heimelaga tilbehør.

- Vi ønskjer å profilere oss som eit kulturhotell, og tanken er å ha 3-4 kveldar i året med mat og kvalitetsmusikk for eit vaksent publikum. Ved å bruke Horisonten får kvelden eit flott intimkonsertpreg, seier hotelldirektør Bergsvein Brøske.

John Pål Inderberg er saksofonist med sans for eit spontant musikalsk uttrykk, og surnadalingane kjenner han frå før som fast bidragsytar under Vårsøghelga. Inderberg kombinerer mange stiluttrykk mellom anna i samarbeid med norske og amerikanske jazzmusikarar, og han har vore med på ei lang rekkje plateinnspelingar. To ytterpunkt blant Inderberg sine medmusikarar kan vere Lee Konitz og Henning Sommerro.

Kontrabassist, komponist og bandleiar Bjørn Alterhaug er også kjent frå ei rekkje innspelingar og internasjonale samarbeid, og blir rekna som ein av Norges fremste jazzbassistar og kulturpersonlegheiter.

Saman kjem Inderberg og Alterhaug til å servere musikk og historier, medan hotellet står for serveringa av eit godt utval ostar og tilhøyrande drikke.

- Vi legg opp til ein uforglømmeleg kveld, og det kan vere lurt å førehandsbestille bord for å vere sikker på å få plass, seier Bergsvein Brøske.

Les meir om jazzkvelden på Vårsøg Hotell si heimeside.

Laurdag 21. mai blir det også levande musikk på hotellet, når Jo Inge Nes med venner spelar på Musters Pub.