Bjørn Buan 4

Statusoppdatering frå kommuneoverlegen i Surnadal:

Ingen påvist smitte ved Vaksenopplæring og integrering – veit enno ikkje kor smitten kom frå

Kommunen fann grunn til å stenge vaksenopplæringstilbodet ein kort periode som eit førebyggande tiltak. Seinare testing og smittesporing har avkrefta aktiv smitte ved eininga Vaksenopplæring og integrering.

Smittesporinga foregår framleis for fullt og kommuneoverlegen møter velvillig bistand fra kommunens innbyggarar i dette arbeidet. Etter omfattande smittesporing har kommunen foreløpig ikkje svar på kor smitten kom frå i det påviste smittetilfellet i august. Det er likevel positivt at det ikkje er påvist fleire smitta i kommunen i etterkant av dette funnet og etter at mange har testa seg etter ferien. Det betyr at kommunen framleis har situasjonen under kontroll.

Kommunen har vore forberedt på auka smittetrykk på tampen av sommaren, og det vart iverksett fleire førebyggande tiltak for å ivareta risikoutsette grupper. Vi har framleis kun 3 påviste tilfelle i kommunen sidan mars. Smitten har ikkje medført alvorleg sjukdom og samfunnskritiske funksjonar er ikkje påverka.


Med vennleg helsing

Bjørn Buan
Kommuneoverlege i Surnadal

 

Foto: Surnadal kommune