DSC_0441 3 ingr

Historier frå Nilsstua

Når du køyrer innover Todalen kjem du til Husby, ein av dei eldste bustadplassane i bygda. Der ligg det to gardar, Jostua og Nilsstua. Gudmund Husby kjem frå Nilsstua, eit gamalt hus med mykje historie.

Da folk som jobba i det offentlege var på reisefot i gamle dagar var det på Husbygardane dei losjerte, fortel Gudmund. Det finst mange Husbygardar, til dømes i Øksendalen og Stjørdal. Husbygardane låg i overgangen mellom sjø og land, men no er landskapet annleis på grunn av landhevinga.

Ei historie som Gudmund har vakse opp med er om ein forfader som stod i regnet framom Nilsstua med huva i handa. Det var flaum og elva grov seg nærmare og nærmare huset som ligg på eit platå. Når elva nådde fram til føtene hans tok elva plutseleg ny lei, og både mannen og husa berga seg.

DSC_0448 6.JPG
Gudmund viser korleis ein av hans forfedrar stod med huva i handa og venta på flaumvatnet.


Restar etter røykomnstua

Eldste delen av huset er frå 1500-talet. Då dei tok opp golvet på stua midt i huset, fann dei restar av ei åre.

– Før huset som står her i dag vart bygd, sto det ei røykomnstue her, fortel Gudmund. Dei reiv ikkje røykomnstua, men bygde på eit loft og to stuer på kvar si side av huset som sto der frå før. Difor kan ein ikkje seie at husa er frå eit bestemt årstal, men frå fleire årstal og med fleire byggeskikkar.


Ein bestefar med skarpt hovud

I mellomalderen vart Husbygarden delt i to, Nilsstua og Jostua. Bestefar til Gudmund, som også heitte Gudmund, voks opp i Jostua, men tok over Nilsstua på grunn av at dei som budde i Nilsstua ikkje hadde born, og Gudmund var i tillegg slekt med dette folket.

– Bestefar vart sendt på landbruksskulen på Ås, det var det ikkje mange som fekk høve til på den tida. Han hadde eit skarpt hovud han bestefar, så det var nok difor han vart sendt dit.

Gudmund fortel om ein driftig og nytenkjande bestefar.

– Bestefar var ein kunnskapsrik kar. Han underviste på landbruksskulen på Gjermundnes og vart seinare fylkesagronom. I den stillinga jobba han for at folk skulle få rydde seg bureisingsbruk. Utmark, skog og myr skulle dyrkast opp og bli til nye gardar. Grønlifeltet i Rindalen er eit døme på dette. Gudmund fekk kongens fortenestemedalje for arbeidet.

Bestefaren hadde også mykje kunnskap om gardsnamn på Nordmøre og hadde ein teori om kvifor ingen gardar hadde ordet «vest» i seg her i distriktet.

– Du har både «Utigard» og «Utistua», men aldri «vest». Bestefar sa at dette heng saman med gamal overtru. Før såg dei for seg at det var ein skarp kant og ein avgrunn uti havet som førte til fortapinga. Difor har vi uttrykket om at noko går «rett vest», forklarer Gudmund.


Sommarlykke og hardt arbeid på Husby

Son til Gudmund den eldre, Steinar, som er far til Gudmund, gjekk også på landbruksskulen på Ås. Han og kona Liv fekk fyrst dottera Dordi og etter ho kom Gudmund til verda.

– Eg vart født på loftet her på Husby, fortel han, på «Dansken». Rommet på loftet har dette merkelege namnet fordi det låg ein danske der ein gong. Ikkje kvar dag det var utlendingar på besøk, skal du tru. 

– Gunnhild Øyen var jordmor og tok meg i mot. Eg trur nok at det å bli født på eit loft ikkje er noko dårlegare løysing enn å bli født i ein ambulanse på veg til St. Olav, som mange blir no for tida, seier Gudmund.

DSC_0447 5.JPG
Gudmund på rommet "Dansken", der han vart fødd.
 

Da Gudmund var berre baby flytta dei til Sunnmøre, der far Steinar arbeidde som lærar på Eidså landbruksskule  i Syvde kommune. Der vart også veslesyster Mari født. Seinare flytta dei til Gjermundnes der faren også jobba som landbruksskulelærar.

– Men kvar sommar var vi i Nilsstua, seier Gudmund.

Garden vart driven av tante og onkel til Gudmund, Lisbet og Halvard Hyldbakk.  Det var ikkje mykje avslapping i ferien, det var hesjing, luking av nepe, hundrevis av traktorlass med høy. Lange dagar med hardt kroppsarbeid.

– Onkel Halvard prøvde å halde motet vårt oppe når dagane var dryge. Eg hugsar han sa, «Godveret e det føst så kjem no», etter fire veker med hesjing i regnvêret.

Likevel har Gudmund mest gode minne frå somrane i Todalen.

– I Todalen var det fotball og mange søte jenter. Om laurdagskveldane sykla vi rundt om i bygda. Inga dør var låst, og alle var velkomne kvar det skulle vera. Kom vi på ein gard vart vi bedne inn og mat vart sett fram på bordet. Det var eit veldig ope og godt samfunn.

– Ei laurdagsnatt sykla vi forbi Brusetnesset og såg at bonden hadde satt opp ei hesje, men ikkje hadde hesja graset på den enno. Da hesja vi hesja full av gras og sykla vidare. Eg kan tenkje meg karen var ganske forundra når han sto opp dagen etterpå.

– På «Phillipen», Todalshytta, samla vi oss ungdommen, der prata vi, drakk brus og sverma.

Fotball var det også, og banen låg like ved. I Romsdalen måtte han sykle milevis for å vera med på fotballaget i Tresfjord.

– På fotballaget i Todalen var vi tre Gudmund'ar. Difor vart ein kalla «Gudmund», den andre «Gullmund» og eg vart kalla «Gjermundnes». Det vart for langt, difor vart det berre «Gjermund» etter kvart, ler Gudmund.

DSC_0439.JPG
 

Lærarskule eller landbruksskule?

Da Gudmund var klar for høgare utdanning søkte han på både lærar- og landbruksskulen. Han kom inn på begge og bruka difor sommaren på å tvinne tomlar og fundere på kva han skulle velje.

– Eg følte ei slags plikt til å overta garden, sjølv om eg aldri følte at nokon pressa meg, seier Gudmund. Å vera lærar i tillegg til å drive ein gard tenkte eg var ei smart løysing og valte difor lærarutdanninga.

I 1975 flytta Gudmund heim til Husby etter utdanning i Volda og Bergen. Han starta samdrift i lag med søskenbarnet sitt, og dei dreiv med mjølk og kjøttproduksjon.

– Slektshistoria mi på Husby visste eg lite om, eg tok difor kontakt med Hans Hyldbakk og han laga ei slektstavle til meg. Dagen etter at han leverte tavla skreiv han om innavl i Todalen i «Brev frå Kleiva» i Driva, sannsynlegvis fekk han ideen frå slekta mi, ler Gudmund.

DSC_0445 4.JPG
Dørstokken ber preg av alle som har gått der.


Ei innhaldsrik tid

Livet i Nilsstua vart ikkje keisamt. Fem ungar, gardsdrift og full lærarstilling. Vart det ikkje forferdeleg travelt?

– Travelt? Nei, eg vil heller seie innhaldsrikt. Det var aldri langsamt. Ungane var med i fjøset og såg på at eg mjølka. Musikk var det også mykje av, både heime og ute. Naboen min i Jostua, John, hadde eit danseorkester, «Jobus», vi spela på samfunnshus og slektsstemne rundt omkring og hadde det utruleg artig.

Seinare vart mjølkeproduksjonen lagt ned, dei fekk for lite kvote til at to familiar kunne leve av det.

– Da eg måtte legge om drifta hadde eg ikkje hatt lærarjobb det siste året, eg ringte difor Helge Vold på ungdomsskulen og spurte om eg fekk meg jobb. Han sa at det skulle ordne seg, berre eg tok musikktimane og engelsk på alle trinn. Eg måtte lære meg engelsk i ein fart, og låg akkurat ein leksjon framfor elevane. Slik kan dei ikkje gjere det i dag, smiler han.

I dag er Gudmund pensjonist og lever det gode liv på Husby.

– Todalen er ein fredeleg og god plass å bu. Eg har nok å finne på, eg speler enno musikk saman med naboen John. Han har eit band som heiter «Invalidos», seier Gudmund og ler. I det bandet er det fem trekkspelarar, ein på gitar og meg på bass. Eg fekk også æra av å spele saman med «Trond Larsens Kvartett» på Røstasætra i sommar, det var kjøle artig, seier Gudmund.

– No har eg sambuar og tolv barnebarn, så eg føler meg rik og har det godt, seier Gudmund.

DSC_0440 2.JPG
I dag er Gudmund pensjonist og lever det gode liv på Husby.

DSC_0449 7.JPG
Gudmund framfor stabburet.

DSC_0450 8.JPG

DSC_0458 9.JPG