Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 
vårsøg hotell låg bru_350x263

Gangbrua mellom Vårsøg Hotell og kulturhuset er for låg

Den nye gangbrua som bind saman Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus, er for låg i forhold til det Statens Vegvesen har sett som minstehøgde. - Passasjen "Vengespennet" vart lågare enn planlagt, stadfestar hotelldirektør Bergsvein Brøske overfor Trollheimsporten. Han meiner dette likevel ikkje vil få store konsekvensar verken for ferdigstillinga av gangbrua eller trafikkavviklinga på Skei.

Brøske skal onsdag i møte med Statens vegvesen og Surnadal kommune for å prøve å finne ei løysing på situasjonen.

Gangbrua som går over Miljøgata på Skei og bind saman hotellet og kulturhuset, kom på plass tidlegare i sommar og inngår i den omfattande ombygginga av Vårsøg Hotell.

No viser det seg altså at brua går lågare enn minstekrava vegvesenet har sett for dette prosjektet. Etter kva Trollheimsporten kjenner til, er det snakk om 18 centimeters differanse, eit tal hotelldirektøren verken vil stadfeste eller avkrefte.

- Men eg understrekar at passasjen går høgare enn dei generelle minstemåla som gjeld for lovleg ferdsel, seier Brøske, som også er i dialog med byggherren for "Vengespennet" når det gjeld avklaringa av kva som skal skje vidare.

Det er på sida inn mot kulturhuset og busstoppet (til høgre på bildet) at gangbrua er for låg. Ifølgje Bergsvein Brøske vil dette likevel ikkje føre til omfattande endringar som heving av brua eller senking av vegen.

- Området var i utgangspunktet teikna utan skilting om passasjen. No kan ei aktuell løysing vere nettopp skilting om bruhøgda, og trafikken kan også bli ført om Svartvassvegen som går like ved.