første skoledag mo 4

Fyrste skuledag på Mo oppvekstsenter

I haust byrjar fire nye elevar på Mo oppvekstsenter, Elise Hansen Røv, Nikolai Sande, Elias Bruvoll Fiske og Sivert Magnus Fiske. Vi møter fire spente ungar som har mykje å fortelja.

Dei har friminutt når vi kjem på besøk og det er så morosamt at det skal litt overtaling til for å dei til å sette seg ned og ta ein prat. Vi lurar på kva dei dei gler seg mest til på skulen.

– Eg gler meg mest til å leike meg og spele fotball, seier Nikolai.

Dei andre nikkar og er einige. «Haien kommer», fotball og gym, er Elias og Elise samde i.

– Og så skal vi lære bokstavar og slik, seier Sivert Magnus.

Kontaktlærar Eirin Gjørsvik fortel at dei skal lære om bokstaven «i» seinare i dag. Da kjem det ein unisont «iiiiiiiiii» frå heile gjengen. Den bokstaven kan dei, ja.

–  «I» er fyrste bokstaven i «is», seier Nikolai.

Kva trur dei dei kjem til å lære om i 1. klasse?

– Vi kjem til å lære om bæsj, trur eg, seier Sivert Magnus, og om tiss. Tiss ser ein best på snø.

Dei andre ler, men no klarar dei ikkje sitte stille lenger, dei vil leike igjen.

første skoledag mo.JPG
Britt Løfald (t.v.) og Eirin Gjørsvik saman med førsteklassingane.
 

Eirin skal vera kontaktlærar for 1. og 2. klasse. Ho vart ferdig med utdanninga som adjunkt i vår, men skal fortsette å utdanne seg medan ho er lærar på Mo.

I løpet av skuleåret skal ho skrive ein master i norsk som andrespråk. Det blir nok eit travelt år for Eirin, men ho gler seg på å ta fatt på det.

– Eg trivst utruleg godt saman med barn og unge, og tykkjer det er svært givande å få vere med på å leggje til rette for læring og utvikling hos den enkelte. Kan ikkje tenkje meg noko betre enn å starte kvar arbeidsdag med å møte dei blide ansikta til ungane ute i gangane, og å få vera saman med dei heile dagen. Dei gir så mykje av seg sjølv, og det er så artig og tidvis rørande å sjå kor fort dei utviklar seg.

Eirin har allereie prøva seg som lærar på Mo oppvekstsenter, så ho kjenner til ungane frå før. Vi spør om korleis ho tykkjer det er å arbeide på ein grendeskule.

– Eg stiller meg positiv til å undervise på ein tredelt skule. Eg ser at elevane lærer mykje av kvarandre, og ofte kan det vere ein fordel for dei yngre elevane å ha nokon som er eldre å sjå opp til og få gode tips frå. Ikkje minst så ligg det mykje læring i å setje ord på og forklare medelevar kva ein tenkjer og har lært sjølv.

– Ein må kanskje organisere arbeidsøktene annleis enn når ein har eitt trinn per klasse, men dette kjem ein fort inn i. Samstundes gir det rike moglegheiter til tett oppfølging av kvar enkelt elev, og ikkje minst samarbeid på tvers av trinn, seier Eirin.

– Eg trivst utruleg godt på Mo, og er så glad for at eg fekk fast arbeid på Mo no i vår. Vi er ein tett og samansveisa gjeng, både vaksne og barn, og det er både trygt, godt og «gøttj» å kome på arbeid kvar einaste dag.

eirin gjørsvik.JPG
Eirin Gjørsvik.

første skoledag mo 3.JPG

første skoledag mo 5.JPG