Næringshagen 001_350x233

Fottur på Skei

Når ein ruslar, ser og tenkjer ein på ein annan måte enn når ein går målretta frå punkt A til punkt B. Tanken får tid til mange krumspring når ein ruslar, skriv Kåre Sæterbø i dette lesarinnlegget på Trollheimsporten.

Har levert bil til sørvis på RIBI, distriktsavdelinga til Rindal Bil i Surnadal. Kjekt med knoppsyting i distriktet. Vel, i staden for å vente i fem timar ”på by’n” ruslar eg heimover. Og når ein ruslar, ser og tenkjer ein på ein annan måte enn når ein går målretta frå punkt A til punkt B. Eller syklar, og både må balansere og passe seg for andre trafikantar. For ikkje å nemne når ein kjører bil og heile tida må fokusere på fartshumpar og kryssande fotfolk og syklistar medan ein held gåande ein samtale på mobilen.

Første trekket går opp Skeivegen. I gamle dagar gikk ein til Skeis, og enda finn ein Skeistrøvegen. Ei eg kjenner lurte forresten på kva skeistrø var. Det er vel rimeleg at ein sløyfar s-en, for det heiter også at ting ”går skeis”, og det gjer det ikkje i Skeivegen, får vi tru.

Kvifor Skeivegen også blir kalla Miljøgata er ikkje så heilt klårt. Det er eit sterkt rånarmiljø der, seiest det. Men elles ...

Lengst oppe breier Vårsøg hotell vengene sine over gata. Lurer på om det blir nokon vårsøg å høyre i området, mellom alle praktbygga som har reist seg i Surnadal Sentrum Skei. Kanskje litt fuglekvitter. Men småfuglen i hotellogoen vil neppe trivast attmed dei svarte fuglevengene, tenkjer eg som eg nærmar meg.

Det er mykje positivt i orda kultur, miljø og vårsøg. Og ”We’re all in this together”, som det heiter i det nye språket borti Wall Street, huset med stone walls i det motsette hjørnet av Skei. Oppdal har fått Skifer Hotel, her er skiferen fordelt på to hjørnesteinbedrifter, kan ein vel seie.

Dette vart kanskje mykje leik med ord, men tanken får tid til mange krumspring når ein ruslar. Nokre sideblikk på turen oppover har løyst ut små positive tankestubbar, som for eksempel beundring av alle dei fine bilda i fotobutikken, og kor annleis frigjort folk oppfører seg på bryllaupsdagen. Og at det er modig fremdeles å ha butikkskilt med ”Gull og sølv”i desse tider.

Eg undrast også over at bedrifta som driv med plakatar og anna, har reklameskilt som ser ut som dei har hengt ute så lenge at målinga har flassa av. Typografisk finesse viser det seg ved nærare ettersyn.

Komen forbi hotellet, der det vrimlar handverkarar rundt og inni ”vengen”, tek eg meg i å tenkje ”kor er fuglekroppen?”. Eg høyrer fleire språk, somme får eg ikkje tak i, og eg håpar det ikkje går som det gikk da dei i Babel prøvde å bygge eit tårn som rakk opp i himmelen. Men hotellet blir nok fint det, og ferdig til julebordstria.

Enda så lenge står Landbrukshuset som før, men det blir vel ikkje lenge før firkantarkitekturen sluker det, det står no nærast som eit bislag til Næringshagen eller kva det no heiter. Privathusa i nabolaget gir ein mjuk overgang til det kommunale gammelbygget. Det er nok ikkje så enkelt å forandre, der det ligg og er solidarisk med låna til Holger. Men det er eit skummelt varsel at dei ikkje kostar på litt måling på inngangsdøra på sørenden. Alt omkring er så nytt og strøkent.

Det er ein vidunderleg fin haustmorgon, og Skei står i festdrakt, med tre og busker i lysande fargar. Eg snur meg for å nyte synet, og det kræsjar i rekka med søppelkontainarar. Grå og stygge og skeive står dei og helsar folk som skal inn til Mega og bank. Dei er der for miljøet, men likevel ..

Det ber nedover, under vegen mot NOFO. Langt atti tida var det vel nettopp NOFO som prøvde å live opp veggene i undergangen. Det var faktisk fint. Men i dag …!

Eg bestemmer meg for ikkje å irritere meg over søppelet i veggrøftene, og plutseleg mellom veggene av lauvskog ser eg Øye kyrkje, med Hjelmen og Hjelmkona i klår haustluft som bakteppe. Skrått over Nordmarka kledd i haustfargar passerer ein buss på riksvegen ved Utsikten, som vi kalla det i min barndom. Vakrare kan det ikkje bli.

Med desse gode tankane i hovudet kryssar eg elva og vandrar forbi lærdomsplatået, etter kvart så komplett at det i tidas terminologi kan kallast Øye kunnskapspark. Ei ku står og rautar på garden på andre sida av vegen og minner meg om at eg er på ”landet”. Kanskje ei av dei siste mjølkekyrne i bygda. Det blir vel mølsgraut i år også, tenkjer eg.

Etter eit kvarters rusletur rundar eg Øyaskulen og kliv opp til heimen i Korea, som det heiter for somme enda. Øverhaugen skal det heite i dag, i området Rasdalane. Og her er det mange som ikkje trur at nokon kan bu når dei ser vegen opp i skogen. Men når det vårast, med sus i skogen og brus i bekkene som opnar seg, høyrer vi i alle fall vårsøg!

Kåre Sæterbø