tp_leserinnlegg

Leserinnlegg:

Eldreomsorg for dei mest omsorgstrengande

Min heimekommune Surnadal har, slik eg ser det, ei stort sett bra eldreomsorg. I det politiske liv er det jamt over semje om eldreomsorga, og godt er det. Ordføraren og opposisjonsleiaren, begge sjukepleiarar, har gjennom mange år hatt leiande stillingar innan pleie- og omsorgssektoren.

Det er derfor all grunn til å tru at begge desse kjenner utfordringane innan sektoren rimeleg godt. Kommunen har elles utmerka seg ved å ha ei god heimebasert omsorg. Rosande omtale i media og mottatte prisar fortel sitt. Dei tilsette innan pleie- og omsorgstenestene i Surnadal utfører gjennomgåande ein framifrå jobb.

Så over på utfordringane i åra frametter. Surnadal kommune har over mange år målbevisst vridd eldreomsorga over frå institusjonsbasert til heimebasert omsorg. I utgangspunktet ein rett tankegang. Men, det går ei grense for kor langt ein kan gå med ei slik omstilling. På relativt få år er lagt ned heile 28 institusjonsplassar i Surnadal. 15 av desse plassane skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Dei andre plassane kjem av nedlagde sjukeheimsplassar. Slik eg kjenner situasjonen ønskjer dei eldre omsorgstrengande å vere på sjukeheim i eigen kommune. Dessutan er det slik at får ein avslag på søknad om sjukeheimsplass kjem søkjaren ikkje på venteliste. Derfor er det viktig at terskelen for å få sjukeheimsplass ikkje må bli for høg.

Det er gledeleg at det i månadsskiftet august/september blir starta opp med bygging av 17 omsorgsbustader i nær tilknyting til Surnadal sjukeheim. Det er likevel grunn til å understreke at omsorgsbustader ikkje kan erstatte sjukeheimsplassar.

Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingstal viser ein stor auke av personar over 80 år i Surnadal kommune i åra fram mot 2030. Auken, som allereie har starta opp, er betydeleg større enn landsgjennomsnittet. Det er få kommunar i Møre og Romsdal som kan vise til større forventa vekst mellom dei eldste eldre. I ein slik situasjon bør ei vere varsam med å legge ned fleire institusjonsplassar! Med aukande alder blir det eit større innslag av demente mellom oss. Om lag 60 – 80 % av alle bebuarar ved våre sjukeheimar er demente. Dette seier sitt. Det er og begrensa kva ein kan vente av innsats frå pårørande til sterkt omsorgstrengande demente eldre. Blir oppgåva for krevjande kan dei pårørande slite seg fullstendig ut. 

Vi går mot ein haust med utfordrande arbeid med kommunebudsjettet for året 2021. Dette ser ut til å bli krevjande, med sikkert knallharde prioriteringar. I ein slik situasjon vil eg sterkt åtvare mot å legge ned fleire sjukeheimsplassar! Dei mest omsorgskrevjande eldre har gjerne opplevd førkrigstid, krigstid og etterkrigstid. Det har for dei fleste sin del langt frå vore noko luksusliv. La dei mest omsorgstrengande eldste eldre få ein verdig alderdom i sine siste leveår! Tilboda til dei mest omsorgskrevjande eldste eldre må ikkje bli salderingsposten ved årets budsjettbehandling.

Det er viktig at dei eldre og deira råd og organisasjonar tidleg i prosessen får kome til med sine synspunkt og meiningar når viktige saker som gjeld dei eldre skal drøftast og takast avgjerd i.

Johs J. Vaag