Halvard Haugå

Eit gammalt bilde frå ein gammal album

For ei tid sidan viste vi dette gamle bildet på Trollheimsporten av ein flokk ungar på Rindal sentrum. Det kan du lese om her. Vi trudde bildet var teke i Seljebrekka, og ein del opplysningar mangla. No har bildet vore i Amerika ein tur, og vi har fått enda ei oppklaring omkring dette bildet. Sjå meir under!

Bildet er ikkje frå Seljebrekka, men er teke i skråninga mellom Haltlidalen og verkstaden til Ole Haltli. Fotograf var Hallvard "Haugå" Dei tre som står fremst er Gunvor Skjermo, g. Eriksen, f. 1922, Marit Løseth, g, Jacobsen, f. 1921, og Sigrun Bakken, g. Vatten, f. 1924. Frå venstre, bak: Borghild Tørset, f. 1916, med ? på arma, Margot Børset, g. Bakken, f. 1918, Borghild Haltli, g. Rindalsholt, f. 1916, Bertha Børseth, g. Torset, f. 1919, Gurå Grendal, g. Aa, f. 1916, Marie Bolme, g. Romundstad, f.1915, Ida Løseth, g. Nerbu, f. 1917, Gunvor Skaug, og Edvin Børseth, f. 1920. Den "ukjente" jenta til høgre, Gunvor Skaug, var dotter til Guri Tisetrabba. Gunvor bodde ei stund hos onkelen sin, Einar Tiset og kona Ane, f. Kalstad. Dei åtte Grinda dette leitet. Einar og Ane Tiset bygde i 1961 Vårhaug i Martinus Viks veg. Guten på arma er framleis ukjent. Det var Margot Bakken, som sjølv er med på bildet, som kom med dei siste opplysningane om bildet, fortel Ragnhild Stavne Bolme til Trollheimsporten. No har bildet vore til Amerika ein tur! skriv Ragnhild Stavne Bolme til oss i dag. - Bertha Torset, som er med på bildet,meinte at "guten" på arma til Borghild Tørset er Gudrun Løseth, g. Bjørnbeth, f.1926. (Bertha har etternamnet Torset, ikkje Tørset).  

Barn Rindal sentrum