Kvann1_1024x1365

Ein skog av kvann

- Høgt oppe i Trollhettlia finst det ein heil skog av kvann. Planten har det vakre namnet Angelica Arcangelica på latin. Historisk har denne planten hatt mykje å seie både som nytings- og legemiddel. Dei som orkar å ta den lange turen dit, vil få ei fin oppleving der kvannen veks ved eit oppkome med kaldt og godt drikkevatn, helsar Oddvin Meland til lesarane av Trollheimsporten.Det er enno mykje av hausten igjen, så kvifor ikkje ta oppfordringa?

Kvann i Trollhettlia. Begge foto: Oddvin Meland

Er det nokon som har meir kunnskapar om alle funksjonane kvannen hadde i gamle dagar? i så fall hadde det også vore moro de ville ha delt litt av denne kunnskapen med lesarane av Trollheimsporten.

Veit du meir om bruken av denne planta i tidlegare tider, vil vi gjerne høyre frå deg.