ks6

Ein merkedag for Todalsfjordprosjektet

Onsdag vedtok kommunestyret i Surnadal å legge kommunedelplana for Todalsfjordprosjektet ut til offentleg ettersyn. Fleire av representantane nytta høvet til å flagge si meining om prosjektet allereie no.

Bildet over: Ordførar Margrethe Svinvik var inhabil i denne saka. Varaordføra Hugo Pedersen (t.h.) var derfor ordførar i saka, og Annett Ranes vart valt til setteordførar. Til venstre kommunedirektør Knut Haugen.


Håvard Stensønes, einingsleiar for areal og naturforvaltning, orienterte om historikken i prosjektet, planprosessen, utredninger og analysar som har vore utført, og gjennomgang av ulike forhold som står bak valet av den aktuelle traseen. Han viste løysinga slik den no er skissert.

ks5.png

Det er enno mange detaljar i som ikkje er ferdig planlagt, men slik plana er lagt fram no vil det gå hardt ut over dyrka jord på Svinvik gard, og vegen og brua vil bli sjenerande for restaurantdrifta der. Prosjektet vil og påverke Svinviks arboret.

Plana skal no leggast ut til offentleg ettersyn, og alle vil få høve til å uttale seg.

Fleire av representantene i kommunestyret gjekk opp på talarstolen for å uttrykke si mening om planene for Todalsfjordprosjektet allereie no. Det var stilt spørsmål om dette er rette måte å gjere det på. Kommunedirektør Knut Haugen sa at hovudsaka i dag er å få plana ut på høyring, men det er ikkje feil å kome med nokre synspunkt og merknadar på forskot.

Lars Inge Kvande (Sp) var ein av fleire som kalla dette ein merkedag for Surnadal. Prosessen har teke lang tiid, og no er det viktig å sjå framover. Kvande påpeika at det er viktig å høyre på alle innspel som kjem, og ta dei på alvor. 

– Vi må etterstrebe å finne gode løysingar, så dei negative konsekvensane blir så små som mogleg, sa han.

– Eg har tru på at dette vil gje oss eit kraftig og etterlengta løft på mange område!


Rasering av Svinvika

Ragnar Halle (Sp) var eining i at det er ein merkedag. Men han var og oppteken av at det føljer med nokre utfordringar. 

Han kalla prosjektet, slik det no er skissert, for rasering av Svinvika.

– Vi øydelegg perla vår! sa han.

Halle sa at han håpar på ei løysing som skåner dyrka mark og drifta på Svinvik gard. Han la fram eit forslag om eit tileggspunkt i saka, der ein ber om ei ny vurdering av å flytte vegtraseen lenger mot nord, og lenger frå garden.

Annett Ranes (Ap) sa at det er uproblematisk å legge saka ut på høyring. Det er slik ein får innspel, påpeika ho. Det er kanskje ikkje mogleg å unngå konsekvensar for dei som bor nærast, men målet må vere minst mogleg skadeverknader for dei fleste, sa ho.

 

– Er vi på rett veg?

Hugo Pedersen (Sp) var heilt klar på at han ønsker eit ferjefritt samband. Han påpeika at dette vil få store positive ringverknader, og betydning for heile Midt-Noreg. Han la til at han ikkje er heilt komfortabel med plasseringa av brua slik det er lagt fram no, og nevnte ein del moment som framleis er uklare. Han påpeika og at Svinvika, med Svinvik gard og arboretet, er den største turistattraksjonen i Surnadal.

– Så, gode kommunestyre, er vi på rett veg? spurte han.

– Vi må gjere dette så skånsamt som mogleg for alle involverte. Eg synest det går i raskaste laget, sa han.

Rakel Polden (Ap) tok ordet og sa at ho ikkje er overbevist, og at ho ville nytte høvet til å flagge skepsisen sin.

– Dette er kjempedyrt, og eit stor inngrep i naturen og nokre av dei finaste turmåla vi har. Eg ser ikkje argumenta for at det er verdt den enorme kostnaden. Slik det er nok er eg djupt skeptisk. Eg er meir for el-ferjer og to nattavgangar, sa ho.

Ingrid Bergheim (Ap) spurte:

– Har vi råd til dette?

Fleire representantar uttrykte skepsis, og fleire tok til orde for eit ønske om å få vegen lenger vekk frå garden og restauranten, enn i det skisserte forslaget. Dette blir ei dyrare løysing, men heile prosjektet er så dyrt uansett, at det utgjer ikkje så mykje med tanke på den totale prisen, meinte fleire.

Trafikksikkerheit og fartsgrenser var og tema i debatten, men her må ein forhalde seg til reglar som er fastlagt i retningslinene frå Statens vegvesen.

Sondre Ormset (Sp) peika på fordelane med tanke på å komme nærare Mørebyane, og ikkje minst fordelane for trafikken mellom Surnadal og Sunndal, næringsliv, kultur og idrett.

– Ferjefritt samband er gull verdt, sa han.

 

Alle får uttale seg

Bente Mosbakk (Ap) var overraska over å høyre at så mange er skeptiske til prosjektet. Sjølv har ho vore med og jobba med Todalsfjordprosjektet på tidlegare stadium.

– Eg hadde aldri forestilt meg at det skulle vere skepsis til å fortsette på dette tidspunktet, sa ho.

Ho framheva til at ho er svært glad for at prosjektet har komme så langt som det er i dag, og at ho elles er enig i at ulempene må gjerast så små som mogleg.

– Men eg har tenkt at dette er ei heilt vanleg sak som skal leggast ut på høring, sa Mosbakk.

Else Brandvoll Andresen (Sp) fortalte at ho var med og behandla planer om Todalsfjordprosjektet allereide for 20 år sidan,

– Vi har kjempa som løver for å få dette prosjektet fram. Så i dag må vi vere veldig glade for at saka har kome dit ho er. Det er viktig at prosessen blir fullført, og at vi ikkje heng oss opp i detaljer no. Alle vil få anledning til å uttale seg, sa ho.

 

Vedteke med tilleggsforslag

Hovudutvalet si innstilling vart einstemmig vedteke. Det lyd slik: I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 legg Surnadal kommunestyre forslag til kommunedelplan for Todalsfjordprosjektet ut på høyring og offentleg ettersyn.

Tilleggsforslaget om å vurdere å legge vegtraseen lenger mot nord vart og einstemmig vekteke. 

Det vart og lagt fram tilleggsforslag om at eit klimaregnskap blir ein del av plana. Dette vart og einstemmig vedteke.

 

Møtet kan du etter kvart sjå i opptak på kommune-TV.