Æresmedlem i Rindal sau og geit

På årsmøtet i Rindal sau og geit i fredag kveld vart Jon Kristian Aune utnemd til æresmedlem av laget. Han har vore medlem i laget i bort imot 55 år og fekk æresmedlemskapet først og fremst for sin store insats for sauehaldet og for å ha vore ein frontkjempar for beiteretten og i kampen mot rovvilt
 

Jon Kristian Aune medle seg inn som medlem i Rindal saualslag, no Rindal sau og geit, i 1956 og har sidan vore aktivt med i laget. Bakgrunnen for æresmeldemsskapet er mellom anna dette:
 
- Han har vore leiar i laget i 5 periodar, første gong i 1962/63
- Han har vore medlem i styret også utanom desse periodane
- Han har vore fylkesleiar i Møre og Romsdal Sau og geit
- Han har i alle år vore ein framifrå sauehaldar
- Han har drive aktivt avlsarbeid
- Han var med i gruppa som starta Rindal Dalaring i 1967
- Han har aktivt stått fram og tala sauehaldarane si sak i kampen for beiteretten og mot rovvilt 
 
Eit samrøystes årsmøte applauderte æresmedlemsutnemninga på Bolme pensjonat fredag 29. januar
 



Leiar i Rindal sau og geit, Svein Skjølsvold overrekkjer diplom og blomster



Svein Skjølsvold og Jon Kristian Aune

Æresmedlem med diplom og blomster

Styret i Rindal sau og geit stod bak utnemninga: Frå venstre: Studieleiar Ingmund Halgunset, leiar Svein Skjølsvold, sekretær Marit Solheim og kasserar Marit Haltli. Æresmedlem Jon Kristian Aune i midten. Nestleiar Ole Bjørn Grytbakk var ikkje til stades.

                                                                                                                                               Anne S.