Oppdatering frå kommuneoverlegen i Surnadal:
Ber folk om å ikkje utsette skulebarn og ungdom for unødvendig smitterisiko
Kommuneoverlegen med råd til skulane om å ikkje imøtekomme søknadar om skulefri eller permisjonar for reise til sentrale Østland inntil vidare.
Skulebarna og skuleungdommane våre er i ein oppstartfase både med omsyn til skule og fritidsaktivitetar. Det er framleis regionar og byar i Norge med oppblomstring av smitte. I mange tilfelle utan kjent smittekjelde. I prinsippet er t.d. delar av austlandet å rekne som raud sone.
Skulane i Norge har starta opp etter ferien på gult trafikklys med inndelte kohortar. Vi håpar å kunne lette litt på enkelte smittevernrestriksjonar i skulen i løpet av dei neste vekene. Dette avheng heilt av utviklinga av smittesituasjonen.
I den fasen vi er i no er det viktig å ikkje sleppe opp for fort og å utvise stor forsiktigheit med tanke på reising og ansamlingar av skulebarn og ungdom frå fleire område i landet med større smittetrykk enn her. Vi ønskjer ikkje at skulebarn og ungdom blir utsett for unødvendig smitterisiko eller at dei risikerer å smitte andre ved tilbakekomst på skulen.
Kommuneoverlegen gir difor skulane råd om å ikkje imøtekomme søknadar om skulefri eller permisjonar for reise til sentrale Østland inntil vidare.
Søknadar i samband med reise til sentrale Østland grunna medisinske formål eller akutte familiære orsakar blir behandla individuelt.
Vi håpar alle på ein haust og vintersesong med aktivitetar og tilbod å sjå fram til i trygge rammer. Føresette i skulane er informert om at dette rådet gjeld inntil vidare.